Vidareutdanning (bachelornivå)

Programmering i musikkundervisning

Emnet gir innføring i programmering for bruk i musikkfaget i skulen. Ved å trekke linjene til musikkfaget sin teknologiske tradisjon, har faget som mål å kople det etablerte med det nye i musikkfaget etter LK20. Studentar kan velje å fordjupe seg i programmeringsmiljø og programmeringsspråk relevant for eigen praksis.

Studieavgift Kr. 2.000,-.

PPU og musikk
Start:
Vår
Omfang:
Deltid Nettstudium
Studiepoeng:
5,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.11.2024

Grunnleggande prinsipp i programmering vert introdusert både for å kunne oppleve, lage og utøve musikk. Emnet vil også kople didaktiske perspektiv frå programmering med didaktiske perspektiv frå musikkfaget og gjennom eit utviklingsarbeid vil studenten i emnet jobbe målretta med sin pedagogiske praksis. Studentar kan velje å fordjupe seg i programmeringsmiljø og programmeringsspråk relevant for eigen praksis (undervisningskontekst), t.d. tekstbaserte miljø for ungdomstrinn eller vidaregåande skule, blokkbaserte programmeringsmiljø eller programmering utan datamaskin for små- og mellomsteget i barneskulen. Les meir om emnet her.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt eller i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skapande og utøvande musikkpraksis.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet skal gi lærarar kompetanse til å integrere KI i eigen pedagogiske praksis. Emnet dekkjer historia til KI, grunnleggjande prinsipp for maskinlæring og språkmodellar, og korleis desse teknologiane kan brukast i pedagogisk praksis.