Vidareutdanning (masternivå)
Prosessleiing
Studiet gir deg kompetanse i prosessleiing og i å designe plan- og utviklingsprosjekt med stor grad av deltaking og medverking i organisasjonar og samfunn.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.11.2024
Studiet har løpande opptak.
Studiet skal gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse utviklingsoppgåver i ulike samanhengar. Studentane skal få eit fagleg grunnlag for kritisk å kunne vurdere ulike medverknadsmetodar i plan- og utviklingsprosessar.
Studieinnhald
Studiet gir kunnskap om kommunikativ rasjonalitet og plasserer kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng. Det vil bli lagt vekt på å trene studentane i ferdigheita til å stimulere dialog og refleksjon i grupper og i å bruke kommunikative metodar. Studentane får eit fagleg grunnlag for kritisk å kunne vurdere ulike medverknadsmetodar i plan- og utviklingsprosessar. Oppøving av evne til kritisk refleksjon over eiga og andre si rolle i gruppeprosessar er ein viktig del av studiet.
Opptakskrav
180 stp høgare utdanning
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagd opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar og planproblem. Studentane får tilgang til eit eige rom i Canvas der ein kan finne detaljert program, førelesingar m.m., og der ein kan levere heimeoppgåver, for å få kommentar, kommunisere med medstudentar og lærarar m.m.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning eller godskrivast som valfritt emne i Master i samfunnsplanlegging og leiing og Master i helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Samlingar vår 2025: veke 3, 7 og 12. Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar, tysdag til og med fredag, og ein studiedag (måndag) på kvar samling. Det er krav om minimum 80% prosent frammøte for å få ta eksamen i emnet.
Fyrste undervisningsdag: tysdag 14. januar, kl 09:15, rom kjem.