Studiet skal gi deg grunnleggande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi, og er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter religions- og livssynsmangfald i både privat og offentleg sektor. I kombinasjon med ei lærarutdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen.
Studiet er sett saman av fem emne der studentane vél fire av dei. Du kan velje mellom desse emna, kvart på 15 studiepoeng:
Religion og livssyn I
Religion, media og populærkultur
Religion og livssyn II
Religion og samfunn
Intercultural understanding
Dei ulike emna i årsstudium i Religion, kultur og samfunn kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar.
For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Religion, media og populærkultur og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.
Innblikk i studiekvardagen
Årsstudiet i religion, kultur og samfunn har blitt samlingsbasert. - Nå får studentene det beste fra to verdener, sier de studieprogramansvarlige. Et av målene er å gjøre det enda enklere for de som ønsker å studere.
Studietilbudet var tidligere delt i et rent nettstudium og et fulltidsstudium på campus. Nå har de tatt det beste fra disse og laget et samlingsbasert studium.
- Vi har tre samlinger i Volda over to dager per emne per semester. Mellom disse har vi nettundervisning. Dette vil foregå både synkront med oppmøte og fellesundervisning, og asynkront, som betyr at du kan logge deg på når det passer deg, sier Ralph og Hildegunn.
- Dette håper vi vil gi studentene den ekstra fleksibiliteten de trenger for å få hverdagen til å gå opp mens de studerer.
- Samlingene vil gi oss dager med faglig intenst innhold, godt studentmiljø og sosialt samvær. Samtale, diskusjon og å møte andre som er opptatt av det samme som deg selv, noe av det som gjør studenttilværelsen så meningsfylt, sier Ralph og Hildegunn.
Media og populærkultur på timeplanen
Emner vi skal innom er religion, media og populærkultur, religion og livssyn og religion og samfunn. Studietilbudet er spennende, aktuelt og kanskje ekstra relevant for deg som har en jobb eller ønsker deg en jobb der du møter religionsmangfold. For eksempel i skole, helsesektor eller mediebransjen.
I kvart av dei samlingsbaserte emna vert undervisninga gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. For kvart emne er det tre fysiske samlingar i semesteret, og kvar slik samling går over to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det er krav om 75% frammøte til undervisninga i desse emna, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Studiet er lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.
For eksamensordning, sjå emneplanar.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter religionsmangfold både i privat og offentleg sektor. I kombinasjon med ei lærarutdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen.
Studiet gir grunnlag for opptak til Religion, livssyn og etikk (RLE) fordjupingsstudium.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiestad for samlingane er Høgskulen i Volda, rom for samlingane vil bli kunngjorte på timeedit. Det blir tre samlingar, alle kl. 0830 - 1615:
Veke 35: REL151 Religion og livssyn 1: måndag 25. august, og tysdag 26. august. REL153 Religion, media og populærkultur: onsdag 27. august, og torsdag 28. august.
Veke 39: REL151 Religion og livssyn 1: måndag 22.september, og tysdag 23. september. REL153 Religion, media og populærkultur: onsdag 24. september, og torsdag 25. september.
Veke 43: REL151 Religion og livssyn 1: måndag 20.oktober, og tysdag 21. oktober. REL153 Religion, media og populærkultur: onsdag 22. oktober, og torsdag 23. oktober.
Vi brukar læringsplattformen Canvas. Der finn du informasjon om undervisningsrom, arbeidskrav og eksamenar.
Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
Studieprogram:
Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
60
Studielengd:
2 semester
Kull:
2025
Studieplassar:
50
Studietype:
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Om studiet
I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Dei ulike emna i årsstudium i Religion, kultur og samfunn kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Religion, media og populærkultur og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.
Læringsutbytte
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar
om religionar, livssyn, etikk og filosofi.
om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet
om religions- og livssynskritikk
om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn
om heilage tekstar og religiøse praksisar
om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen
Ferdigheiter
analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk
evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål
evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg
Generell kompetanse
kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk
kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt
kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng
kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk
Organisering og arbeidsmåtar
Studiet består av fem emne der studentane vél fire av dei.
Fire av emna er samlingsbaserte (REL151, REL152, REL153 og REL154)
I kvart av dei samlingsbaserte emna vert undervisninga gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det er krav om 75% frammøte til undervisninga i desse emna, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6.
REL110 er ikkje samlingsbasert, men har regelmessig lokal undervisning. Det er ikkje obligatorisk frammøte i REL110.
Studiet er lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.
Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
Navn:
Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)