Vidareutdanning (masternivå)

Skule, religionsmangfald og sekularisering

Start:
Vår
Omfang:
Deltid Samlingar
Studiepoeng:
15,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (masternivå)
Søknadsperiode:
01.11.2024

Løpande opptak til studiet er fullteikna.

Religionsfaget i den norske skulen, religionens rolle i skulen sitt verdigrunnlag, og religionens plass i samfunnet har lenge vore og er under debatt. Dette er knytt til sekulariseringsprosessar og pluralisering av samfunnet i Noreg og andre land.

Vidareutdanninga gir innsikt i skulen sitt møte med kulturendringar i samfunnet. Det vert lagt vekt på religion i skulen i eit internasjonalt perspektiv. Emnet gir aktuell og etterspurd kunnskap til lærarar og andre yrkesgrupper innanfor skuleverket, og er ein del av Master i kulturmøte. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergraden, får studiet automatisk godskrive i graden.
 

Studieinnhald

1) Religion og skule i norsk og europeisk perspektiv: norsk skulehistorie, religionsfagets historie; religion og skule i Europa.

2) Sekularitet og pluralitet: innføring i sekulariseringsprosessar i Vesten og kva dette inneber i dag.

3) Didaktiske perspektiv på det plurale klasseromet.

Les meir i emneplan.

 

Opptakskrav

1. Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule med minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:

- bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.) i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.

-allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping (200-nivå) i det same faget.

-tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.

2. Ein krev minst karakteren C i fordjupingsfaget (historie, religionsvitskap eller anna) som det blir søkt opptak på grunnlag av.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, seminar, presentasjon av pensumdel og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium før og etter samlinga, og at dei leverer utkast til prosessoppgåve, kommentar til medstudent samt presentasjon av pensumdel (alle arbeidskrav).

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanning gir aktuell og etterspurd kunnskap til lærarar og andre yrkesgrupper innanfor skuleverket.

Vidareutdanninga er ein del av Master i kulturmøte. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergraden, får studiet automatisk godskrive i graden.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Undervisninga er lagt til to samlingar på zoom i vekene 6 og 11. 

  • Veke 6: måndag 3. - onsdag 5. februar 2025 (heile dagane)
  • Veke 11: måndag 10. - tysdag 11. mars 2025 (heile dagane)

Fyrste undervisningsdag er måndag 3. februar 2025 kl 09:15. Det vil bli delt ei zoom-lenkje i Canvas som skal nyttast heile semesteret.