Vidareutdanning (bachelornivå)

Spel i læringsarbeid

I denne vidareutdanninga vil du som lærar få kunnskap om og inspirasjon til å bruke dataspel i undervisning på ulike måtar, enten det er snakk om quizar og småspel, interaktive fortellingar, simuleringar eller å lage eigne spel saman med elevane.

Digital kompetanse - Spel i læringsarbeid
Start:
Haust
Omfang:
Deltid Nettstudium
Studiepoeng:
5,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå:
01.02.2025

Studiet har løpande opptak.

Dataspel er eit viktig kulturuttrykk og en sentral del av barn og unges mediekultur. Spel vert også brukt meir og meir i undervisning. I dette emnet vil du få kunnskap om og inspirasjon til å bruke dataspel i undervisning på ulike måtar, enten det er snakk om quizar og småspel, interaktive fortellingar, simuleringar eller å lage eigne spel saman med elevane.

Du vil ogsa lære å kjenne igjen typiske element frå spel, og bruke dei som verkemiddel for a spelifisere eigen undervisning. I emnet vert det også fokusert på etiske problemstillingar knytt til spel, og korleis ein kan vurdere spel som læremiddel.

Les meir i emneplanen her.

Studiet har ei avgift på kr. 2000, i tillegg til semesteravgift.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert i ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Det er lagt opp til studentaktive arbeidsformer og spelifisering av undervisninga.

Vurdering for læring ligg til grunn for læringsdesign og leiar fram mot arbeidskrav og mappevurdering.