Doktorgrad PhD
Utdanning, språk og kultur
Ph.d.-emnet bygger på lange opplysingstradisjonar, lokal utdanningshistorie og forsking på skriftkultur og lese- og skrivekunne – i tilnærmingar på tvers av profesjons- og disiplinfag. Studiet er eit obligatorisk innføringsemne i ph.d.-studiet «Utdanning, språk og kultur".
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 7,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Doktorgrad PhD
- Søk frå:
- 25.10.2024 - 12.02.2025
Du vil mellom anna få kunnskap om og skal opparbeide kritiske perspektiv på verdigrunnlaget i skulen og utdanningspolitiske reformer. Det vert sett eit kritisk blikk på kanoniseringsprosessar, på det ofte manglande transnasjonale perspektivet i nasjonaliserings-prosessar og på minoritets- og kjønnsdiskriminerande praksisar. Les meir om emnet her.
Opptakskrav
Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga.
I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-programmet.
Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er samlingsbasert. På samlingane vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og kandidatpresentasjonar. Fagfellerespons og andre tilbakemeldingar blir gitt munnleg på samlingane og skriftleg via læringsplattforma Canvas.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet er eit obligatorisk innføringsemne i ph.d.-studiet «Utdanning, språk og kultur». Humaniora og utdanningsvitskap er fagtradisjonar med sams røter, historie og mål. Både utdanningsvitskapen og dei andre humanistiske faga søkjer kunnskap om kultur og menneskeleg utvikling, læring og danning, og dette profilemnet skal tene som vitskapsteoretisk grunnlag og forankring for kandidatane sine forskingsprosjekt.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Samlingar våren 2025
- Fyrste samling 28.–30. april (veke 18)
- Andre samling 16.–18. juni (veke 25)
Stad
Høgskulen i Volda: Henrik Kaarstad 201 i april og Sivert Aarflot 227 i juni.
Studieplan
Utdanning, språk og kultur - ph.d.
Ph.d.-programmet er ei forskarutdanning på tvers av utdanningsvitskap og språk- og kulturfag. I tillegg til utdanningsvitskap inkluderer programmet norsk og engelsk, historie og religion og medie- og kulturfag. Det vert lagt vekt på språk- og kulturfaga som danningsfag og som grunnlag både for oppseding til sjølvstende og kritisk tenking og for forståing av kultur i fortid og notid. Kjernen i programmet er ulike koplingar mellom utdanningsvitskap, språk- og tekstvitskap, skriftkultur og ulike kulturmøte. Programmet søker gjensidig styrking av profesjonsretta og disiplinære tilnærmingar med rom for ulike tyngdepunkt i fag og didaktikk.
Programmet omfattar forsking på meiningsskaping, forståing, kommunikasjon, læring og utvikling og dei kulturelle kontekstane der dette går føre seg. Forståing av kultur i fortid og notid, slik han kjem til uttrykk i språk, tekst, samhandling og ulike medium er eit sams interessefelt for faga i programmet. Det gjeld anten fokuset er læringskultur, skriftkultur eller møte mellom ulike kulturar. Programmet har eit særleg fokus på digitalisering av lærings- og skriftkulturar og digitaliseringa sine moglegheiter og utfordringar i utdanning, fag og forsking. Vitskapsteoretisk og metodisk vert både humanistiske og samfunnsvitskaplege tilnærmingar lagde til grunn.
Målgruppe
Ph.d.-programmet rettar seg mot kandidatar frå humanistiske, pedagogiske og fagdidaktiske mastergrads-program og utdanningsvitskaplege profesjonsutdanningar med integrert mastergrad. Utdanninga skal kvalifisere kandidatane til forsking, undervisning og anna formidlingsarbeid med høge krav til vitskapleg innsikt.
Studiet kvalifiserer for forsking, undervisning og utviklingsarbeid i akademia, skule, kultur, forvaltning og andre samfunnssektorar der det vert stilt høge krav til vitskapleg innsikt og forskingskompetanse. I tråd med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for høgare utdanning skal ein kandidat med fullført ph.d.-grad i Utdanning, språk og kultur ha følgande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse:
Kandidaten
- er i kunnskapsfronten på området for ph.d.-arbeidet
- meistrar sentral vitskapsteori og metodar for forsking på utdanning, språk og kultur
- kan vurdere kritisk relevansen og bruken av ulike metodar og prosessar i forsking på fagfeltet
- kan vurdere kritisk nasjonal og internasjonal forsking på området for ph.d.-arbeidet
- har kunnskapsgrunnlag til å kunne ta aktiv del i utviklinga av ny kunnskap og nye metodar, tolkingar og dokumentasjonsformer
Kandidaten
- kan formulere problemstillingar for, planlegge og gjennomføre forsking på sentrale område innafor utdanning, språk og kultur
- kan drive forsking og fagleg utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå
- kan gjennomføre forskingsprosjekt i fagfeltet på ein etisk forsvarleg måte
- kan handtere komplekse faglege spørsmål og utfordre etablert kunnskap og praksis
- kan problematisere kunnskapsgrunnlaget for forskingsfeltet gjennom vitskapsteoretiske, metodiske og etiske refleksjonar
Kandidaten
- kan identifisere aktuelle forskingsetiske utfordringar og utøve eiga forsking med fagleg integritet
- kan identifisere behov for ny forsking med relevans for utdanning, språk og kultur
- kan drive og leie komplekse tverrfaglege arbeidsoppgåver og prosjekt
- kan formidle forskings- og utviklingsarbeid gjennom kvalitetssikra nasjonale og internasjonale publiseringskanalar
- kan ta aktiv del i debattar på fagfeltet i internasjonale fora
- har tileigna seg tverrfagleg forståing og tverrprofesjonell kompetanse
Hovudstruktur for studiet
Ph.d.-programmet er sett saman av ein opplæringsdel på 30 studiepoeng og forskingsdelen på 150 studiepoeng. Opplæringsdelen er delt i ein obligatorisk (17 stp.) og ein valfri (minst 13 stp.) del med følgande emne:
- DRUSK901 Utdanning, språk og kultur, 7 stp.
- DRUSK902 Vitskapsteori, metodologi og forskingsetikk, 5 stp.
- DRUSK903 Forskingsmetodar, 5 stp.
- DRUSK904 Fordjuping i kvantitative forskingsmetodar, 5 stp.
- DRUSK905 Fordjuping i kvalitative forskingsmetodar, 5 stp.
- DRUSK906 Tekst og meining, 5 stp.
- DRUSK907 Digital humaniora og utdanning, 5 stp.
Emna 1–3 er obligatoriske for alle i programmet. I tillegg vel kvar kandidat (minst) tre av emna 4–7. Etter individuell søknad kan kandidatar få innpassa studiepoeng frå ph.d.-kurs ved andre UH-institusjonar eller forskarskular.
Emna i opplæringsdelen har samlingsbasert undervisning der det vert nytta varierte arbeidsformer som forelesing, seminar, oppgåveløysing og kandidat-presentasjonar. Både tidlegare publisert forsking og kandidatane sine eigne prosjekt vert i fleire av emna brukte for konkretisering og eksemplifisering med omsyn særleg på teoribruk og metodeval. Den digitale læringsplattforma Canvas vert brukt til fagfelleresponsar og anna kommunikasjon mellom samlingane. Eitt av valemna, nemleg «Digital humaniora og utdanning», er organisert som eit reint nettstudium.
Hovuddelen av studiet er eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing. Dette skal munne ut i ein monografi eller ei artikkelbasert avhandling som fyller krava til offentleg disputas for ph.d.-graden; jf. omtalen under avsnittet «Forskingsdelen» ovanfor. Kvart studieår er på 40 veker med forventa arbeidsinnsats på 40 timar i veka. Kandidatane vert oppmoda til lengre opphald ved ein utanlandsk institusjon (jf. om internasjonalisering nedanfor).
Emne | 2025 Vår | 2025 Haust |
---|---|---|
Emne tilbydde ved Høgskulen i Volda våren 2025 og hausten 2025 | ||
7 | ||
5 | ||
5 | ||
Sum (17 total) | 7 | 10 |
Høgskulen har økonomiske støtteordningar og vil legge til rette for at kandidatane i ein del av studietida får vere ved ein utanlandsk utdannings- eller forskingsinstitusjon for å arbeide med ph.d.-prosjektet og/eller ta relevante kurs for opplæringsdelen. Jf. informasjon om støtte til utanlandsopphald her: Støtte til utanlandsopphald.
Ph.d.-programmet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.