Vidareutdanning (bachelornivå)
Visuell kommunikasjon
I studiet skal studenten utvikle grunnleggjande forståing for visuell grammatikk og kommunikasjon, og korleis ein nyttar dette i eige skapande arbeid.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.02.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Sentralt i studiet står arbeid med todimensjonale visuelle uttrykk, og digitale verkty. Det vert lagt vekt på visuell grammatikk og kommunikasjon. Kunnskap om form, farge, komposisjon og teikn er ein viktig del av undervisninga. Du skal utvikle grunnleggjande forståing for visuell grammatikk og kommunikasjon, og korleis ein nyttar dette i eige skapande arbeid.
Visuell kommunikasjon er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det vert forventa at studenten har elementær datakunnskap. Studenten må ha ei datamaskin som fint kan handtere programvare frå Creative Cloud.
Enkelte førelesingar kan bli gjennomført på engelsk.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er eit obligatorisk emne i Bachelor i design, kunst og handverk, og vil bli godskrive for dei som ønskjer å fullføre denne graden.
Studiet er også aktuelt for lærarar i skulen som ynskjer eit etter- og vidareutdanningstilbod knytt til digitale verktøy og visuell kommunikasjon.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiet er eit enkeltemne på 15 stp. og ein må rekne med to undervisningsdagar i veka på det jamne.
Undervisningsdagar hausten 24 er tysdag og onsdag.
Oppstart hausten 2024 er tysdag 20. august. Undervisninga i emnet startar opp tysdag 27.08 kl 09.00 på Teiknesalen på Kaarstad.
Pensum
Pensumlister blir publisert på heimesida og i Canvas før studiestart.