Vidareutdanning (bachelornivå)

Vurdering av multimodale prosessar og produkt

Vidareutdanninga gir ei grunnleggande innføring i teori og praksis knytt til vurderingsarbeid i multimodale kontekstar i skulen.

Digital kompetanse - Vurdering i digitale kontekstar
Start:
Haust
Omfang:
Deltid Nettstudium
Studiepoeng:
5,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå:
01.02.2025

Vidareutdanninga gir ei grunnleggande innføring i teori og praksis knytt til vurderingsarbeid i multimodale kontekstar. Det er fokus både på undervisings- og læringsarbeid i det digitale klasserommet med utgangspunkt i eit utvida tekstomgrep og arbeid med digitale tekstar, video, lyd, bilde og andre multimodale uttrykksformer.

Studiet har ei avgift på kr. 2000, i tillegg til semesteravgift. Les meir om emnet her.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert i ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Det er lagt opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling.

Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar.