Undersøking av Helseplattformen i Helse Møre og Romsdal – presentasjon av rapport

Tysdag 11. mars kl. 14 presenterer ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda ei undersøking av erfaringar og vurderingar av Helseplattformen blant sjukehustilsette i Møre og Romsdal.

Sjukehus. Illustrasjonsfoto.

Helseplattformen vart innført ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal 27. april 2024. Ei forskargruppe ved Høgskulen i Volda har gjennomført ei undersøking av erfaringar og vurderingar av Helseplattformen blant tilsette ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal.

Undersøkinga byggjer på svar frå nærare 700 tilsette og vart gjennomført i januar–februar 2025. Oppdragsgjevar er Møre og Romsdal legeforeining.

Forskingsrapporten og kommentarar frå legeforeininga blir lagt fram ved Høgskulen i Volda tysdag 11. mars frå kl. 14. Presentasjonen finn stad i Store auditorium (BK 161) i Berte Kanutte-huset. Interesserte er velkomne til å delta, og det vil bli høve til spørsmål til rapporten. Om du ikkje har moglegheit til å delta fysisk, kan du følgje framlegginga digitalt her. (YouTube).

Rapporten frå undersøkinga med tittelen «Ei vaklande plattform?» vil også vere tilgjengeleg digitalt på denne nettsida etter presentasjonen den 11. mars.

Undersøkinga er gjennomført av ei forskargruppe på fire ved HVO: professor emeritus Kåre Heggen (prosjektansvarleg), dosent Randi Bergem, professor Bjarte Folkestad og professor emeritus Tor-Johan Ekeland.   

Del på: