Profile picture for user hovdehi

Hildegunn Hovde

Institutt for musikk

Høgskulelektor

Studieprogramleiar ved Institutt for musikk.

Hildegunn er utdanna songar og musikkpedagog frå Barratt Due Musikkinstitutt, med ein master i utøving, soloinstrument, frå Norges Musikkhøgskole. Hovde har vidareutdanning i ensembleleiing og live electronics (musikkteknologi for utøvarar) frå Norges Musikkhøgskole, og forskingsinteressene hennar er song i barnehagen, vokal folkemusikk og kunstnarisk utviklingsarbeid innan eigen utøvande praksis. 

Hovde er medlem i forskingsgruppa Tidleg literacy i barnehage og skule, i det nasjonale forskingsnettverket SangBarsk og i AGGREGAT Kunstnerfellesskap. For tida held ho på med to forskingsprosjekt: ein kvalitativ studie om songen og stemma til barnehagebarn i alderen 1 – 3-år, og eit tverrkunstnarisk utviklingsarbeid i samarbeid med kunstnar Cecilie Hole. 

Emne:

  • Bachelor i Musikk: MUS225: Musikkteknologi og produksjon og MUS221: Låtskriving og arrangering. 
  • BLUKKK: Kunst, kultur og kreativitet (Barnehagelærarutdanninga, heiltid og deltid). Kunnskapsområdeleiar.
  • Faglærar i ReKomp.

 

 

 

 

 

Vitskapeleg arbeid

CRIStin

Anna

Song og literacy på småbarnsavdelinga i barnehagen
Publisert 2024 av Hildegunn Hovde

Open improvisasjon
Publisert 2023 av Hildegunn Hovde, Lars Ove Fossheim

Nynorsk i overgangen barnehage-skule.
Publisert 2023 av Hildegunn Hovde

Nynorsk i overgangen barnehage-skole: for en kommune med bokmål som hovedmål
Publisert 2023 av Hildegunn Hovde

Song og stemmebruk i barnehagen
Publisert 2023 av Hildegunn Hovde

Skriftspråkstimulering i barnehagen
Publisert 2023 av Hildegunn Hovde

Tidleg song: stemmeomfanget til 1-3-åringane og evna til å forme ord og setningar i barnesongar
Publisert 2023 av Hildegunn Hovde

NORD - Songar frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island og Sapmi
Publisert 2023 av Hildegunn Hovde

Den fysiske utforminga av miljøet og rommet si betydning for språkleg aktivitet.
Publisert 2022 av Hildegunn Hovde

Bruk nynorsk i barnehagen
Publisert 2022 av Hildegunn Hovde

Les nynorske barnebøker for barna
Publisert 2022 av Hildegunn Hovde

Hei, havet! Språkbad under Forskingsdagane 2022
Publisert 2022 av Hildegunn Hovde, Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Les nynorske barnebøker
Publisert 2022 av Hildegunn Hovde

Korleis arbeide med nynorsk i barnehagen?
Publisert 2022 av Hildegunn Hovde

Musikk i barnehagen, kreativitet.
Publisert 2021 av Hildegunn Hovde

Litteraturformidling og å skrive med dei yngste.
Publisert 2021 av Hildegunn Hovde

Syng saman i barnehagen
Publisert 2021 av Hildegunn Hovde