NVivo
NVivo er ei programvare for kvalitative analysar. Programmet kan vere eit godt verktøy gjennom heile forskingsprosessen, og brukast som hjelpemiddel når du skal organisere, lagre og analysere kvalitative data. NVivo har fleire bruksområde, og kan mellom anna nyttast til å
- kode tekst, bilete, video og lyd
- transkribere data
NVivo kan nyttast av både tilsette og studentar ved HVO. Kontaktperson: Jørn Harald Persson
Meir informasjon og brukarrettleiing for NVivo finn du her.