Edutorium
Høgskulen i Volda nyttar Edutorium (tidlegare Emweb) som verktøy for å registrere og redigere studie- og emneplanar.
Ny brukar av Edutorium?
Logg inn i Edutorium med Feide slik at du blir registrert i systemet. Deretter tar du kontakt med kvalitet@hivolda.no for å få tilgang til rett studieprogram og/eller emne.
Treng du ei innføring i bruk av systemet, ta kontakt med kvalitet@hivolda.no
Ansvar og rolleavklaring i Edutorium
"Ansvars- og rolleavklaring Emweb" (sjå eiga boks under) omtalar dei ulike felta i studie- og emneplanane, og inneheld informasjon om roller og ansvar knytt til arbeid med studie- og emneplaner ved Høgskulen i Volda. (Dokumentet er under revisjon).
Støttefunksjonar i avdeling
Dei fire avdelingane har ein eller fleire "superbrukarar" som kan hjelpe med ulike spørsmål knytt til revisjon av studie- og emneplanar. Kontakt din eigen avdelingsadministrasjon for nærare opplysningar.
Spørsmål om revisjon
Spørsmål om revisjon av studie- og emneplanar kan rettast til kvalitet@hivolda.no