Romreservering
Romkabalen for undervisning ved Høgskulen i Volda vert utarbeida av ein sentral rombookar.
Nøkkelpersonar på kvar avdeling får tilgang til å legge til namn på forelesar og andre detaljar gjennom heile studieåret. Etter fastsatta datoar kan desse nøkkelpersonane også endre rom og foreta ad hoc-booking for både haust- og vårsemesteret.
Rombehov meldast inn til rombooking@hivolda.no innan gitte fristar:
For haustsemesteret:
Innmelding av rombehov innan 15. mai. Romkabal for haustsemesteret vert publiser 15. juni
For vårsemesteret:
Innmelding av rombehov innan 15. oktober. Romkabalen for vårsemesteret vert publisert 15. november
Utenom desse fristane, kontakter du nøkkelpersonen på di avdeling.
Retningsliner
Vedteke i Utdanningsutvalet 19.02.2020
- Prinsipp for rombooking:
- HVO nyttar Time-Edit til booking av undervisnings- og grupperom.
- Romkabalen vert utarbeidd av ein sentral rombookar. Sentral rombookar sender ut påminning om fristane i god tid, og her vert det også lagt ved eit oversyn over kva tidspunkt det er større arrangement på HVO. Sentral rombookar er ansvarleg for å gi tilbakemelding til dei som tingar rom, dersom ein ikkje finn rom (eller ikkje finn stort nok rom) på ønska dato og tidspunkt. Rombehov skal meldast til rombooking@hivolda.no innan følgjande fristar:
- For haustsemesteret: 15. mai
Romkabal for haustsemesteret vert publisert seinast 15. juni - For vårsemesteret: 15. oktober
Romkabal for vårsemesteret vert publisert seinast 15. november
- For haustsemesteret: 15. mai
- Prinsipp for reservasjonane:
- Reservasjonar som ikkje vert nytta skal slettast med ein gong.
- Berre reelle undervisingstimar kan bookast.
- Undervisingsrom kan berre bookast til undervising.
- Studentar kan nytte ledige undervisingslokale (utvalde rom) til kollokviearbeid.
- Nøkkelpersonar på kvar avdeling har tilgang til å legge til namn på førelesar og andre detaljer gjennom heile studieåret. Dei same nøkkelpersonane kan reservere ledige undervisingsrom og grupperom og eventuelt endre reservasjonar etter avtale med dei som har booka rommet etter følgjande datoar:
- For haustsemesteret 1. september
- For vårsemesteret 15. januar
- Rombooking til eksamen:
- Skriftleg skuleeksamen: Rombooking vert gjort av studieadministrasjonen
- Munnleg eksamen: Rombooking vert gjort av emneansvarleg/avdelingane
- HVO nyttar Time-Edit til booking av undervisnings- og grupperom.
- Oversikt over rom:
HVO har:
- Undervisingsrom
- Spesialrom: rom som er tilpassa særskilde undervisingsopplegg for ulike studentgrupper og som avdelingane disponerer og bookar
- Grupperom: studentane kan booke desse via www.hivolda.no
- Oppdatert romoversyn finn du her: https://www.hivolda.no/students%C3%B8rvis/timeplan-og-rom
- Samlingsbaserte studium:
Planlegging av samlingar for samlingsbaserte studium for påfølgjande studieår skjer etter følgjande prinsipp:- Innmelding av samlingsdatoar til sentral rombookar innan 1. november.
- Sentral rombookar melder tilbake til fagmiljøa seinast 1. desember[1].
- Etter 1. desember kan avdelingane publisere tidspunkt for samlingar på sine studium i studiekatalog og praktisk informasjon.
- Innmelding av samlingsdatoar til sentral rombookar innan 1. november.
- Rombooking skjer etter punkt 1: Prinsipp for rombooking i desse retningslinene.
- Større arrangement:
Forskingsdagane, Utdanningsdagane, Karrieredagane, Seanse og eksamen har prioritet. Langtidsplanlegging av slike arrangement for påfølgjande studieår skjer etter desse prinsippa:- Dato for større arrangement nemnt over må meldast til sentral rombookar før 1. oktober.
- Sentral rombookar førebur sak til Utdanningsutvalet, som vedtek tidspunkt for desse arrangementa i oktobermøtet.
- Rombooking for større arrangement skjer etter punkt 1: Prinsipp for rombooking i desse retningslinjene.
- Eksamensperiodar, både ordinære og konte, vert kunngjort i studieadministrativ kalender.
- Dato for større arrangement nemnt over må meldast til sentral rombookar før 1. oktober.
[1] Eventuelt justeringar av samlingar grunna til dømes for mange samlingar på same tidspunkt skjer i samråd med fagmiljøa fram til 1. desember.
Undervisningsromma vert frigjort for AD-HOC booking etter desse datoane
For haustsemesteret: 1. september
For vårsemesteret: 15. januar
Etter desse datoane kan avdelingane fritt reservere ledige undervisningsrom.
Nøkkelpersonar på kvar avdeling får tilgang til å legge til navn på forelesar og andre detaljar gjennom heile studieåret. Etter fastsette datoar kan desse nøkkelpersonane også endre rom og foreta ad hoc-booking for både haust- og vårsemesteret.
Det er viktig at det kun er reelle undervisningstimar som vert reservert. Hvis rombehovet vert endra, eller forelesningar vert avlyst, er det viktig å gi beskjed om dette til rombooking@hivolda.no eller til din nøkkelperson, slik at rommene frigis til anna undervisning.
Nøkkelpersonar for avdelingane
AVDELING FOR MEDIEFAG (AMF):
Roe Myklebust
Kristian Fuglseth
Laila Walseth Lid
AVDELING FOR SAMFUNNSFAG OG HISTORIE (ASH):
Ragnhild Korsbrekke
Camilla Elin Dahl Humberset
Gunnvor Bakke
Nerissa Solvang
Viktorija Arsenjeva
AVDELING FOR HUMANISTISKE FAG OG LÆRERUTDANNING (AHL):
Elisabeth Welle
Dalana-Michelle Storebø
Roger Rangsæter
Carien Hedvig Passchier Lærum
AVDELING FOR KULTURFAG (AKF):
Mari Kristine Sæther
Tore Kjetil Sørheim
Kristin Røv
Booke spesialrom
Spesialrom vert booka av utpeika personar på avdelingane