Panopto

Panopto er ei felles sektorteneste for undervisningsrelatert videoproduksjon, strøyming og opptak av undervisning og arrangement. Løysinga erstattar både MediaSite og Canvas Studio, som begge no er utfasa ved HVO.

Om Panopto - video i undervisninga

Video er eit medium som kan nyttast og produserast på mange ulike måtar og fagtilsette ved HVO står framleis fritt til å velge det verktøyet som er best egna til formålet når dei skal produsere sitt innhald. Panopto er valt av sektoren fordi det støttar flest moglege scenario og gir best muligheit til å både produsere, men like viktig distribuere video. Det siste er kanskje det aller viktigaste. Videoane kan framleis kome frå kva som helst slags opptaksprogram (Powerpoint, Camtasia, mobiletelefon, iPad, etc.). Anbodet sette krav om at Panopto skal stette aktuelle format, støtte automatisk teksting av video, m.m. og dette er godt ivareteke.

Kva med video i Canvas? 

HVO har så langt hatt Canvas Studio som anbefalt distribusjonsplatform («Youtube-light») for video i undervisning. Ein fordel med dedikerte videosystem er at avspelingsvinduet for video er betre tilpassa ulike skjermstorleikar, videoane vert streama i ulik kvalitet avhengig av bandbreidde etc., det er rett og slett eit spesialbygd system for distribusjon av medieinnhald (video, podcast). Om ein så langt har lasta opp videoar i «filer» i Canvas er det med andre ord sterkt anbefalt å endre praksis. Det viktigaste er bruksopplevelsen, som heng saman med nevnte avspelingsvindu, strøymingskvalitet m.m. Vidare er det betre å nytte lagringsmedium spesielt laga for video, enn filområde som er bygd for dokument og fillagring generelt, sjølv om vi har godt med lagring i Canvas. Det kan gå bra å bruke "filer" til video, men samanliknar ein side om side og med ei større mengde brukarar med ulike typar utstyr, ser ein klart kva som er best og mest robust.

Vi anbefalar difor at tilsette lastar opp alt sitt videomateriale til Panopto, slik at det kan delast derifrå til Canvas eller via andre kanalar. Inne i Canvas finn du ein knapp for å enkelt plukke filmar du vil vise på ei side, men du kan også produsere filmen direkte. Dette kan også nyttast til innlevering frå studentar. 

 

Importerte filmar frå Canvas Studio i Panopto

I Panopto finn du ei oversikt over alt du har tilgang til under «Alt» i venstremenyen. 
Slik kan det sjå ut. Her har vi øvst oppe søkt etter «Canvas» og får då opp alle filmar ein har tilgang til med Canvas i tittel, omtale eller også der det er ein del av tekstinga. 
Dessverre er det ikkje gode filtreringsmåtar her, eller eit avansert søk, men det er i alle fall ei oversikt.

Skjermbilete Panopto

  1. I «Min mappe» ligg der ei undermappe «Imported from Canvas Studio» med videoar som ikkje hadde ei tilknyting til eit kurs/mappe. 
  2. Under «Canvas» finn ein undermapper for kurs der Panopto no er i bruk. Dersom du tek i bruk Panopto i eit nytt Canvas-emne, dukkar det opp ei mappe i denne strukturen. 
  3. Under «Canvas Studio Arkiv» finn ein undermapper med videoar frå kurs som ikkje har Panopto aktivert, dvs dei aller fleste kurs frå tidlegare semester. Desse ligg i undermappa «Courses», og er tilgjengelege for at ein skal kunne gjenbruke filmar ved behov. Primært er denne strukturen eit arkiv.

Her er ei samling opplæringsvideoar frå produsenten, som dekkjer dei aller fleste grunnleggande funksjonane i Panopto. Heimesida til produsenten er https://www.panopto.com/.

Vi vil og produsere eigne opplæringsressursar dersom det blir behov for det.

Sjå også denne sida om bruk av video i undervisning.

 

Løysinga finner du på https://hivolda.cloud.panopto.eu/

Panopto kan skruast på per emne i Canvas. Canvas Studio hadde ein global knapp i venstremenyen, denne knappen er no borte. 

 

Avdelingsvise hovedkontakter (a.k.a. superbrukarar) for Panopto er:

  • AHL: Ralph Meier
  • AKF: Kristin Røv
  • AMF: Kristian Fuglseth
  • ASH: Hilde Muren

Om du har spørsmål som hovedkontakter ikkje kan hjelpe med, ta kontakt med applikasjonsforvaltar Roy Inge Nupen.