Vil du vere med på å forme den nye utstillinga i Aasentunet?
Vi inviterer alle interesserte til eit ope idémøte der vi vil presentere tankane våre så langt, og det blir opna for innspel og idémyldring frå salen. Om du alt no veit kva du ønskjer å sjå i den nye utstillinga, eller berre er nysgjerrig på arbeidet, må du gjerne ta turen.

Den nye utstillinga skal etter planen opne i 2028. Målet er at utstillinga skal syne kva språk kan bety for einskildmenneske, identitet, kultur, samfunn og demokrati, med utgangspunkt i den norske språksituasjonen.
Referansegruppe
I tillegg til dette opne møtet skal vi setje saman ei referansegruppe med fem til åtte personar som kan kome med idear til innhald og form for utstillinga, og som vi kan teste ut våre eigne idear på. Referansegruppa vil bli samla til fleire møte i løpet av prosjektperioden, både i den meir opne startfasen og når ideane byrjar å ta form.
Vi ser etter deg som er språk- og litteraturinteressert, og du må gjerne vere glad i å gå på museum. Vi ser etter personar både frå lokalmiljøet her på Sunnmøre og frå andre stader i landet.
Referansegruppa blir ei av fleire eksterne grupper som skal kome med innspel til utstillingsarbeidet. Alle reisekostnader og eventuelt tapt arbeidsforteneste i samband med møta blir dekt av oss. Vi tek sikte på 2-3 møte i året.
Om dette høyrest ut som noko for deg, høyrer vi gjerne ifrå deg. Skriv nokre ord i skjemaet som er lenka til under om bakgrunn, utdanning, yrkesretning, interesser og kvifor du ønskjer å vere med på dette.
Om du er nysgjerrig og berre ønskjer å vite meir om kva arbeidet med ny utstilling omfattar, eller vil vite meir om kva deltaking i referansegruppe inneber, er du hjarteleg velkomen på det heilt uforpliktande opne møtet i Aasentunet måndag 24. februar kl. 18.00.