VoldaKom: fagdag om kommunikasjon

Onsdag 20. september kan du bli med på ein spennande fagdag om kommunikasjon.

VoldaKom

Fagdagen VoldaKom onsdag 20. september er eit samarbeid mellom Avdeling for kulturfag, Avdeling for mediefag og Kommunikasjonsforeininga sitt studentlag, fylkeslaget, og inviterte medie- og kommunikasjonsfolk og andre fagfolk frå praksisfeltet elles som ønskjer å ta del på ein arena der arbeidslivet kan møte studentar og fagmiljøet.

VoldaKom blir ein dag fylt med spennande foredrag og kunnskapsrike gjester innan tema som turisme, kommunikasjon og berekraft – og mykje meir.

Store Auditorium i Berte Kanutte-huset, BK161, blir arena for fagdagen, som startar kl. 10.30. Det blir servert god lunsj til dei som melder seg på, og dette gjer du via Facebook-arrangementet til Kommunikasjonsforeininga i Volda.

Fagdagen er støtta av POE-prosjektet, Institutt for kommunikasjon ved HVO og Kommunikasjonsforeininga lokalt, regionalt og sentralt.

Program

  • 10.15: Mingling
  • 10.30: Introduksjon ved instituttleiar Jens Groven
  • 10.40: «Dagens kommunikasjonsarbeidere – dilemmaer og utfordringer» ved Anne Lise Mørch von der Fehr
  • 11.00: «Kystruten – bærekraftskommunikasjon» ved Marius Ertesvåg  
  • 11.30–11.45: Pause
  • 11.45–12.15: «Planlegging av store arrangementer» ved Sven Giske
     
  • 12.15–13.00: LUNSJ
     
  • 13.00: «Stormens øye» ved Terje Devold
  • 13.30: «Naturbasert reiseliv i Antropocen: Hva slags opplevelser kan være naturvennlige?» ved Helga Løvoll  
  • 14.00–14.15: Pause 
  • 14.15–15.30: Debatt  

Del på: