X2 Festival 2025
Årets utgåve av ekstremsportfestivalen X2 blir arrangert i Volda og nærområdet onsdag 30. april til laurdag 3. mai.

Bilde frå X2-festivalen i Volda. Foto: Olav Standal Tangen.
Den populære ekstremsportfestivalen X2 er tilbake! X2 fyller 20 år i 2025, og det blir feira med eit fullspekka program. Kom og opplev spennande foredrag, profilerte artistar som Valkyrien Allstars og Thomas Dybdahl og ikkje minst halsbrekkande og actionfylt ekstremsport i fire dagar til endes. Bli ein del av den unike X2-vibben som frivillig, publikum eller deltakar – kjøp billett, meld deg på sportane eller sjekk ut heile programmet på x2festivalen.no.