Zoom-seminar om korpusutvikling
Høgskulen i Volda samarbeider med Universitetet i Bergen om prosjektet Norsk ordbok a–h revidert (NO-AH), digitalisering og revisjon av alfabetstrekket a–h. Prosjektet vart sett i gang i 2019 med løyving over statsbudsjettet. Utvikling av korpus og språkteknologiske ressursar er viktige føresetnader for prosjektet. Nynorskkorpuset spelar her ei sentral rolle og er derfor utgangspunktet for seminaret.
Målet for seminaret er formulert slik:
- Drøfte korleis Nynorskkorpuset kan bli utvida, balansert og tilrettelagt som ein sentral ressurs for redigering av Norsk Ordbok, for andre språkvitskaplege studium og for utvikling av språkteknologi for nynorsk.
- Drøfte om og eventuelt korleis Nynorskkorpuset kan inngå som delressurs saman med korpusressursar for bokmål i utviklinga av eit felles nasjonalkorpus for norsk.
På seminaret tek vi sikte på å drøfte fagleg-tekniske sider som utviding, balansering, inndeling, tagging og forbetra søkjemoglegheiter for Nynorskkorpuset, også sett i lys av korpusressursar for bokmål. Vi ønskjer å få synspunkt og behovsanalysar på vidareutvikling og bruk sett frå framståande forskarar på feltet.
Alle som er interesserte i dette forskingsfeltet, er hjarteleg velkomne til å ta del på heile eller delar av seminaret!
Påmelding inan 25. januar 2021 ved å klikke her
Program
09.00–09.15 Opning og innleiing
− Rektor Johann Roppen
− Komitéen: Johan Myking og Stig Helset
09.15–10.00
Oddrun Grønvik (UiB/NO-AH) og Christian-Emil Smith Ore (Universitetet i Oslo):
Nynorskkorpuset – historikk og status
10.00–10.30
Margunn Rauset og Gyri Smørdal Losnegaard (UiB/Revisjonsprosjektet og NO-AH):
Nynorskkorpuset og utviklingsbehov for leksikografisk arbeid
10.30–10.45 Pause
10.45–11.15
Peder Gammeltoft, Rune Kyrkjebø og Paul Meurer (UiB/Språksamlingane):
Teknisk og fagleg revisjon av Nynorskkorpuset ved Språksamlingane
11.15–11.45
Victoria Rosén (UiB/INESS):
Søk i NorGramBank for leksikografiske formål
11.45–12.45: Lunsj
12.45–13.15
Per Magnus Finnanger Sandsmark (Nynorsk kultursentrum):
Allkunne i tal og prinsipp
13.15–13.45
Dag Trygve Truslew Haug (Universitetet i Oslo/Tekstlaboratoriet):
Korpusressurser for bokmål
13.45–14.00: Pause
14.00–14.30
Lars G. Johnsen (Nasjonalbiblioteket/Språkbanken):
Norske korpus som ressurs i språkteknologi for norsk språk
14.30–15.00
Tor Arne Haugen (Høgskulen i Volda):
Nynorskkorpuset og Leksikografisk bokmålskorpus som grunnlag for Norsk nasjonalkorpus bokmål og nynorsk?
15.00–16.00
Oppsummering og avsluttande diskusjon