Anne-Karin Remøy
Anne-Kari Remøy er tilsett som stipendiat ved Høgskulen i Volda og er tatt opp ved PhD-programmet i profesjonsretta lærarutdanningsfag ved Høgskolen i Hedmark.
I SPEED-prosjektet (The function of Special Education) skal eg sjå nærmare på spesialundervisning og minoritetsspråklege elevar;
I kva grad vert det tatt omsyn til språklege og kulturelle føresetnader forminoritetsspråklege elevar som får spesialundervisning, og korleis kjem dette fram isakkunnig tilråding, enkeltvedtak, individuell opplæringsplan og i eleven sinarbeidsplan?Desse spørsmåla må sjåast i lys av både eit individ- og eit systemperspektiv. Eg ønskjer å få fram opplevingane til lærar og elev, samt få innblikk i korleis systema rundt handsamar problemstillingar som dette. For å kunne betre opplæringstilhøva for minoritetsspråklege elevar må ein i større grad vite kva som skjer i prosessen fram mot spesialundervisning, korleis ein arbeider i det daglege og korleis tilbodet opplevast.
Remøy er utdanna førskulelærar ved Høgskulen i Volda og har vidareutdanning i migrasjonspedagogikk ved Høgskolen i Oslo og spesialpedagogikk frå Universitetet i Oslo, og hovudfag i Flerkulturell og utviklingsrettet utdanning ved Høgskolen i Oslo.
Ho har arbeidserfaring som pedagogisk leiar i barnehage, kontaktlærar i grunnskulen, miljøterapeut i barnevernsinstitusjon og som rådgjevar i PPT.
E-postadresse: anne-kari.remoy@hivolda.no