Bengt Persson

Bengt Persson er professor ved institutt for pedagogikk ved Högskolan i Borås. Persson har arbeidd mykje med det spesialpedagogiske området, med ei særskild interesse for spesialpedagogikken si komplekse rolle i ein inkluderande skule. Dei seinare åra har Persson leia eit større forskingsprosjekt, «Inkludering för bildning», som undersøkjer faktorar for å lukkast med å motverke fråfallsproblematikken i ein kommune i Sverige. Prosjektet skal etter planen avsluttast ved utgangen av 2013.