Hilde Opsal

Hilde Opsal er førsteamanuensis ved Institutt for realfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd ved høgskulen sidan 1995. Opsal har arbeidd med matematikk i lærarutdanninga med vekt på tallære og funksjonslære. Ho har hovudfag i anvendt matematikk, reservoarmekanikk frå Universitetet i Bergen, 1994. I 2013 tok ho doktorgrad med studien «Bruk av elevbøker i matematikk på ungdomssteget: ein kasusstudie» ved Universitetet i Agder. Opsal sitt primærfelt er matematikkdidaktikk.

I Speed-prosjektet har Opsal arbeidd med kva forståing, kunnskapar og kompetansar ulike elevgrupper har i matematikk.

E-postadresse: ho@hivolda.no