Jorunn Aske
Aske er utdanna cand. philol frå Universitetet i Bergen, med hovudfag i norsk språk og litteratur. Ho arbeidde fem år som lektor i vidaregåande, før ho begynte ved Høgskulen i Volda i 1998. Aske er no tilsett ved Høgskolen på Vestlandet. Hovudtyngda av arbeidet hennar ved HVO har vore knytt til norskundervisning i lærarutdanningane, spesielt grunnskulelærarutdanninga. Dei siste åra har Aske hatt eit spesielt fokus på lese- og skriveopplæring i mitt undervisningsfelt, både begynnaropplæring og den vidare lese- og skriveopplæringa.
Jorunn Aske har vore prosjektmedarbeidar ved fleire forskingsprosjekt, mellom anna prosjektet «Nye læringsformer og nye roller- lærerstudenten i IKT-støttede læringsprosesser» (PLUTO-prosjektet 2001-2003). Ho var også prosjektmedarbeidar i forskingsprosjektet ”Begynnaropplæring og tilpassa undervisning” (2002- 2005) finansiert av Noregs forskingsråd under programmet ”Kunnskapsutvikling i profesjonsutdanning og profesjonsutøving”. Forskingsprosjektet var eit paraplyprosjekt sett saman av fem delprosjekt der begynnaropplæringa sett ut frå prinsippet om tilpassa opplæring var hovudtema og resultata frå hennar delprosjekt er å finne i Aske, Jorunn (2006): «Salmar frå klasserommet. Den første lese- og skriveopplæringa og tilpassa undervisning» I: Haug, Peder (red.): Begynnaropplæring og tilpassa undervisning. Kva skjer i klasserommet? Caspar Forlag.
Aske har skrive læreverket NEON- norsk for ungdomstrinnet som Det Norske Samlaget gav ut frå 2006. Forfattararbeidet omfatta både studiebøker, tekstsamlingar og lærarrettleiingar for 8., 9. og 10. trinn.
Forskingsfeltet hennar i SPEED-prosjektet er knytt til stor interesse for kva som skjer i spesialundervisninga i norsk og korleis ein arbeider med lesing og skriving.
E-postadresse: Jorunn.Aske@hvl.no