Leif Bjørn Skorpen
Leif Bjørn Skorpen er førstelektor i matematikk ved Høgskulen i Volda. Eg har hovudfag i anvendt matematikk frå Universitetet i Bergen. Etter å ha arbeidd nokre år som lektor i vidaregåande skule, byrja eg i 1992 som lærarutdannar i Volda. Dei faglege interessene mine innanfor matematikkdidaktikkfeltet er omfattande og varierte, og inkluderer i første rekke matematikkvanskar, begynnaropplæring i matematikk og matematikk i tverrfaglege samanhengar – spesielt matematikk og musikk. Dei ti siste åra har eg vore engasjert i klasseromsforsking med vekt på observasjon og analyse av kvalitative og kvantitative data, gjennom deltaking i dei to forskingsprosjekta «Begynnaropplæring og tilpassa undervisning» (2002 – 2005) og «Kvalitet i opplæringa – om tilpassa opplæring» (KiO) (2007 – 2010). Begge desse prosjekta var finansierte av Noregs Forskingsråd og HVO.
Hovudgrunnen til at eg er med i dette prosjektet, er interessa mi for klasseromsforsking , for fagdidaktikk i matematikk generelt og for matematikkvanskar spesielt. Eg ser også på dette som ei interessant og utfordrande vidareføring av dei to prosjekta som er nemnde ovanfor. Hovudinteressa mi i dette forskingsarbeidet er å undersøke nærare, og få betre innsikt i, kva som går føre seg innanfor spesialundervisninga i matematikk.
E-postadresse: leifbs@hivolda.no