Peder Haug

Peder Haug er tilsett som professor i pedagogikk ved høgskulen i Volda, og er tilsett som gjesteprofessor ved Uppsala Universitet. Eg er Cand. Paed. frå Universitetet i Oslo (1976) og Fil. Dr. frå Universitetet i Stockholm (1992) på ei avhandling om skulestart for 6-åringar i Noreg. Eg har hatt lengre engasjement ved Møreforsking i Volda, Norsk senter for barneforskning NTNU i Trondheim, Norges forskningsråd og Universitetet i Stavanger. Eg har gjennomført fleire forskingsprosjekt, mellom anna forskingsrådsprosjekta «Spesialundervisning og lærarutdanning», «Begynnaropplæring og tilpassa undervisning» og «Kvalitet i opplæringa». Eg har gitt ut bøker og artiklar med tema frå barnehage, skule, lærarutdanning og spesialundervisning.

Interessa i SPEED-prosjektet er først og fremst knytt til ei brennande interesse for å få nærare kjennskap til kva spesialundervisning handlar om, korleis den går føre seg og med kva resultat.

Kontaktadresse: peder.haug@hivolda.no