Prosjektorganisering Speed

Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskolen i Innlandet (INN, tidelgare HiHm) og Høgskulen i Volda (HVO). Det er finansiert av høgskulane og Noregs forskingsråd, PRAKUT-programmet http://www.forskningsradet.no/prognett-praksisfou/Forside/1224697992315. Budsjettet er totalt på 20 millionar kroner. Prosjektet er leia av professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda.

Ved kvar av høgskulane er det organisert ei forskingsgruppe.

På Hamar er desse med: Thomas Nordahl (ansvarleg), Thor Ola Engen, Kari Nes, Terje Mølster, Hege Knudsmoen og Ratib Lekhal (no tilsett ved BI). Stipendiat: Gro Løken.

I Volda er desse med: Peder Haug (ansvarleg), Sofie Emilie Holmen, Arne-Kåre Topphol, Jorunn Aske (no tilsett ved HVL), Frode Opsvik, Leif Bjørn Skorpen og Gunhild Norvik Reite. Stipendiatar: Anne-Kari Remøy og Anne Randi Fagerlid Festøy.

Prosjektkoordinator: Anne Randi Fagerlid Festøy.

I tillegg har prosjektet ei ekspertgruppe, som er med på å gje faglege innspel undervegs. Dette er Niels Egelund, leiar for Center for Strategisk Uddannelses forskning og Kompetence udvikling ved Universitetet i Aarhus, Marit Mjøs, førsteamanuensis ved NLA og ei mindre stilling ved Statped, og Bengt Persson, professor ved Institutt for pedagogikk ved Högskolan i Borås.

Det overordna ansvaret for prosjektet er lagt til eit eige prosjektstyre med dekan Arne Myklebust (HVO) og prodekan Jørgen Klein (INN).