Tidsplan Speed
Her vil vi fortløpande leggje ut og redigere informasjon om progresjonen i prosjektet; kva er blitt gjort og dei vidare planane framover.
2012 | Dato | Kva |
August | 29. | Møte på Gardermoen med nokre av forskarane. Agenda: Avklaringar av formelle sider ved prosjektet som forkorting av tittel, avtale mellom høgskulane, oppsett og innhald på websidene, prosjektkoordinator- og stipendiatstillingar og møteplan. Ei vidare presisering av innhaldet i prosjektet – kva skal skje framover. Gjennomgang av fagfellevurderinga av søknaden. Diskusjon kring kva instrument som var høvelege i datainnsamlinga, og fordeling av ansvar i denne prosessen. |
September | 21. | Videokonferanse. Alle forskarane deltok. Agenda: Gjennomgang av progresjonen i arbeidet sidan møtet 29. august. Klargjering av deltakarane sine rammer for innsatsen i prosjektet. Gjennomgang av kva som må vere klart til første datainnsamling i februar/mars 2013. Her under også melding til personvernombodet (NSD). Fordeling av ansvaret for det faglege innhaldet i innsamlinga, og den daglege styringa av prosjektet på dei to høgskulane. |
November | 15. | «Kick off» på Gardermoen. Alle som er tilknytt prosjektet var deltakande/representert. Agenda: Faglege innspel frå ekspertgruppa; Niels Egelund, Marit Mjøs og Bengt Persson. Stadfesting av korleis datainnsamlinga skal gå føre seg, og den endelege utarbeidinga av instrumenta, der deltakarane gjekk gjennom interessa/fokuset for sine fagområder. Frist for melding til personvernombodet vart sett til byrjinga av desember. Opplysingar og informasjon som skal ut til deltakarane (kommunane, skulane, foreldre og elevar) vart diskutert og sett fristar for. Progresjonen til del 2 vart drøfta; arbeidet med kartleggingane i norsk og matematikk. |
Desember |
| Innlevering av meldeskjemaet for godkjenning til NSD. Møte med deltakarkommunane. |
2013 |
|
|
Januar
|
| Møte med representantar frå foreldreutvala ved skulane. Utarbeiding av informasjonsskriv, samtykkeerklæring og ulike spørjeskjema. Klargjering av datainstrumenta. Oversetjing av dei ulike dokumenta til ulike språk. Mottak av godkjenning frå NSD. Skulane drøftar og bidreg i utvikling av Utvikling av mandat til arbeidsgruppa. Varer fram til påske. |
9. | Prosjektadm.møte der skuleeigarar og SePU tek del. Rektor møte der inititeringarbeid og implementeringsplan er tema med skuleeigarar, skuleleiarar og SePU. | |
25. | Fellesmøte med forskarane i Voldagruppa. | |
Februar
| 4. | Oppstart for spørjeundersøking, første runde. Conexus er ansvarleg for dataportalen som vert nytta i prosjektet. |
15. | Fellesmøte med forskarane i Voldagruppa. | |
Mars | 1. | Videokonferanse med fleire av forskarane. Agenda: Diskusjon rundt utfordringar knytt til dei ulike dataverktya som skal nyttast i kartlegingsrunden etter påske, med framlegg til løysingar. Planlegging av prosjektsamling i juni med framlegg av eit førebels program. Diskusjon kring utvikling og førbuing av observasjonsdelen av prosjektet, hausten 2013. Dette skal takast opp att til drøfting og gjennomgang i eit videomøte rett før påske. Intervjuspørsmåla til elevar, foreldre og lærarar skal igangsetjast på dette møtet. |
6. | Rektorsamling ved Thomas Nordahl. Tema:Korleis vert resultata frå spørjeundersøkinga brukt til å endre skulens praksis, og observasjon og rettleiing av lærarar (skulevandring). | |
15. | Fellesmøte for forskarane i Voldagruppa. | |
18. - 22. | Vekesamling av PP- tjenesta og rettleiarteamet. PPT og SePU deltek. | |
22. | Siste dag for spørjeundersøking, første runde. | |
22. | Videomøte med gruppene både i Hedmark og Volda. | |
Mars - juni | Rettleiing til skulane etter prinsipp for pedagogisk analyse. Rettleiing til PPT. | |
April
| 8. - 30. | Kartlegging i norsk og matematikk. |
25. | Føredrag m. Grete Dalhaug Berg på ein av deltakarskulane med tema: "Tilpassa opplæring og spesialundervisning - nye tankar?" | |
| Første møte i arbeidsgruppe for å utvikle kvalitetsvurderingssystem med representantar for skuleeigar, skulane, PP-tjenesta og SePU. | |
Mai | 15. | Rektormøte for skuleeigar, PP-tjenesta, skuleleiarane og SePU. |
Juni
| 5. - 7. | Thomas Nordahl hadde kurs for PP-tenesta på Storefjell med tema spesialundervisning. Innhaldet kurset var mellom anna knytt til forståing av inkludering, tilpassa opplæring og spesialundervisning. Kva kjenneteiknar spesialundervisninga og korleis forstå auka i talet elevar som mottek spesialundervisning? Samanheng mellom spesialundervisning og ordinær undervisning var også tatt opp. |
13. – 14. | Prosjektsamling i PRAKUT. | |
17. - 19. | Seminar. For meir informasjon: sjå lenkje i fana "aktuelt om Spee-prosjektet". | |
September |
| Observasjon og intervju. |
Oktober |
| Observasjon og intervju. |
2014 |
|
|
Januar
| 6. | Informasjon skal ut til skulane om vårens undersøkingar. |
23. - 24. | Publiseringsarbeid for forskargruppa. Møte på Hjerkinn. | |
Mars | 5. - 7. | Speed-prosjektet har eit eige symposium på Nera-konferansen i Lillehammer. |
Mars/april |
| Spørjeundersøking og kartlegging, andre runde. |
Juni | 17. - 19. | Seminar/workshop for forskargruppa, styremedlemmar, kommunerepresentantar og ekspertgruppa på Hafjelltoppen |
August
| 13. og 14. | Framlegging av resultat for skulane i deltakarkommunane. |
| 28. | Møte med FINNUT i forskingsrådet. Agenda: Legge fram og drøfte utviklinga i prosjektet, informere om datainnsamling, utfordringar og vidare framdrift v/ Peder Haug og Thomas Nordahl. |
September
|
| Utarbeiding og distribuering av kommunerapportar. |
9. | Presentasjon av prosjektet ved Peder Haug på Uppsala Universitet, Institut för pedagogik, didaktik och utbildningsstudier. | |
Oktober
| 13. | Føredrag for skulepolitikarane i Ålesund kommune ved Peder Haug. |
21. | Fagmøte med Statped midt, ved Peder Haug. | |
November
| 4. | Møte med rektorane i Ålesund kommune, ved Peder Haug. |
17. | Møte i Forskingsrådet ved Peder Haug. | |
26. | Møte med utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune ved Peder Haug. | |
2015 |
|
|
Januar |
| Føredrag for alle PPT-tilsette i Ålesund kommune, ved Peder Haug. |
Februar | 3. - 4. | Seminar med PPT Oppland fylkeskommune ved Peder Haug. |
Mai
| 18.-19. | Seminar/workshop for heile forskargruppa, stipendiatar og ekspertgruppa. |
20.-21. | LP-konferansen 2015, Peder Haug heldt innlegg om Speed-prosjektet på denne. | |
Juni | 2. - 3. | Skole- og barnehagelederkonferansen i Lillehammer, Peder Haug deltek på denne. |
Våren |
| Rapportering. |
September | 7.-11. | Fleire medlemmar av Speed-gruppa skal presentere resultat frå prosjektet på ECER 2015 i Budapest. |
September/ oktober | 29.09-01.10. | Thomas Nordahl deltek på workshop på Landsdelsamlinga for PPT og Statped i Nord-Norge 2015. |
Oktober | 21.-22. | Konferanse om matematikkvanskar i regi av Statped, der Arne Kåre Topphol deltek. |
2016 | ||
Januar | 13. | Fagleg innlegg om spesialundervisning for skule- og barnehageleiarar i Bærum kommune v. Anne Randi Fagerlid Festøy og Ratib Lekhal. |
Mars
| 1. | Utdanningsdirektoratet: Prosjektet Regelverk i praksis, Stavanger. Peder Haug: Tilpassa opplæring og tidleg innsats Kva er gode tiltak? Kva fremjar inkludering? Peder Haug: Tilpassa opplæring og spesialundervisning. Kva skjer i gråsona? |
9.-10. | Statpedkonferanse for PP-leiarar i midt-Noreg, Stjørdal. Peder Haug: Utfordringar i opplæringa og spesialundervisninga og konsekvensar for arbeidet i PPT, refleksjonar ut frå SPEED-prosjektet. | |
16. | Statpedkonferansen 2016, Oslo. Peder Haug: Utfordringar og nye vegar i spesialundervisninga knytt til tidleg innsats. | |
April | 25. - 27. | Publiseringsseminar med forskergruppa på Beitostølen. |
Mai
| 24. | Presentasjon av resultat i prosjektet for Utdanningsdirektoratet v. Kari Nes. |
24. | Peder Haug deltok på Inklusionskonference ved LSP (Laboratorium for forskningsbaseret skoleudvikling og pædagogisk praksis) ved Aalborg Universitet med innlegger "Hvilken funksjon har spesialundervisnng? Tilfeldighetenes spill?" http://www.lsp.aau.dk/ | |
August | 05.-08. | Arne Kåre Topphol deltok på LAMIS (Landslaget for matematikk i skolen) sin konferanse i Ålesund med innlegget "Korleis forstår elevar desimaltal? Resultat frå Speed-prosjektet". |
2017 | ||
Mars | 06. | Hege Knudsmoen og Peder Haug deltok på Barneombudet si lansering av fagrapporten "Spesialundervisning - uten mål og mening?". Knudsmoen hadde innlegget "Tverrprofesjonelt ansvar for likeverdige læringsmiljø - forebyggingsperspektivet og det psykososiale læringsmiljøet." Haug hadde innlegget "Spesialundervisninga, innhald og funksjon." |
10. | Peder Haug deltok på konferansen "Spesialpedagogisk - og/eller sllmennpedagogisk kompetanse?" ved Høgskolen i Sørøst-Norge med innlegget "Ordinær opplæring og spesialundervisning". | |
April | 04. | Peder Haug hadde eit innlegg på landsmøtet til Norske fag og friskolers landsforbund som gjekk av stabelen i Ålesund. Tittelen på bidraget var "Skulen sitt ansvar for likverdig opplæring - også for gutane!" |
18.-19. | På konferansen "Inkludering, tidlig innsats og tilpasset opplæring" i Flekkefjord skal Peder Haug snakke om "Ambisjonen er inkludering og tidleg innsats. Kva er ideala, tilhøva og dei gode tiltaka?" | |
Juni | 13. | Seminar om spesialundervisning der vi lanserer boka "Spesialundervisning. Innhald og funksjon". Peder Haug er redaktør. Seminaret vert arrangert på Høgskulen i Volda. |
September | 19.-20. | Speed-prosjektet skal ha eit eige symposium på den 5. nordiske LP-konferansen ved Høgskolen i Innlandet. |