Min konto
Studentar og tilsette får automatisk ein brukarkonto ved HVO når dei blir registrerte her hos oss. Kvar einskild må aktivere sin brukarkonto.
Etter at du har aktivert kontoen din på konto.hivolda.no, kan du endre passord og bestille tilgangskort. Det er også her du lastar opp bilete til Studentbevis-appen.
Aktivere brukarkonto
- Gå til konto.hivolda.no, klikk på Aktivere brukarkonto og logg inn med ID-porten.
- Har du ikkje norsk fødselsnummer, vil du i staden få ei aktiveringslenke til din private e-post.
- I aktiveringsprosessen må du godkjenne IT-reglementet og personvernerklæringa.
- Sett eit passord som møter krava.
- Vent ein times tid slik at systema våre får tid til å gjere det dei skal.
- Sett opp tofaktor-autentisering: https://www.hivolda.no/IT-Tenester/tofaktor-autentisering.
- Til slutt får du tilsendt ein e-post med brukarnamn og e-postadresse ved HVO.
Treng du hjelp med noko kan du kontakte IT-Hjelp.
Gløymt passord
Har du gløymt passordet ditt? Eller har du berre behov for å endre det?
- Gå til konto.hivolda.no, klikk på Gløymt passord og deretter Logg inn med ID-porten. Følg veiledninga.
- Har du ikkje norsk fødselsnummer, må du i staden klikke på Kan ikkje bruke ID-porten. Fyll inn e-postadressa di, enten den private du brukte når du aktiverte kontoen din eller HVO e-posten. Når du klikkar på Send e-postlenke vil du få ein e-post med veiledning.
Bestille tilgangskort og endre PIN-kode
Du bør bestille tilgangskort når du er ny student, slik at du kjem inn i bygga våre.
Kortet bestiller du på konto.hivolda.no. Klikk på Min konto og logg på med Feide. Merk at du må aktivere HVO-kontoen din først.
Klikk på lenka Bestill inngangskort og følg veiledninga. Når kortet er klart, kan du hente det på Studentsørvis i 1. etasje i Berte Kanutte-huset.
På Min konto kan du også endre PIN-kode til tilgangskortet ditt, klikk på Lag eller byt PIN-kode. Merk at det kan ta eit par timar før den nye PIN-koda fungerar med kortet ditt.
Les meir om tilgangskort her: https://www.hivolda.no/om/fellesadministrasjonen/eigedom
Laste opp bilete til Studentbevis-appen
Gå til Min konto på konto.hivolda.no for å laste opp bilete som blir nytta i Studentbevis-appen.
Klikk på Last opp eller byt bilete og følg veiledninga vidare.
- Biletet bør være i ståande retning,
- vise heile hovudet, og hovudet bør fylle størsteparten av biletet, og
- vere tatt rett framanfrå, mot ein lys bakgrunn.
Biletet vert overført til det studieadministrative systemet FS, Fagpersonweb og Studentbevis-appen. Sakshandsamarar i Studieadministrasjonen og enkelte administrativt tilsette i avdelingane har tilgang til FS. Fagpersonar har via Fagpersonweb tilgang til å sjå bilete av og kontaktinformasjon om studentar som er meldt opp til eigne emne.