Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal

Lysark frå Roar Amdam sitt innlegg finn du her.

 

På kva hotell har dei ulike barnehagane fått rom? Liste over oppdatert hotelliste finn du her.

 

Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal, 2018, blir arrangert i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

Målgruppe er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået, tilsette i PPT og høgskuletilsette

Fagleg innhald

Kva barn lærer av vaksne er i stor grad avhengig av kva relasjon det er mellom dei. Tenkjer vi over kor viktige vi er? Å arbeide i barnehage handlar om å vere klar over korleis vi påverkar barna. Fremmar eller hemmar atferda mi barnet si utvikling?

Gjennom leiken utviklar barna seg og tar til seg det dei treng for å meistre livet.

  • Som barnehagelærar legg eg kvar dag til rette for at barna utviklar positiv sjølvkjensle.

  • Som barnehagelærar rettleiar eg kvar dag barna til å takle opp- og nedturar.

  • Som barnehagelærar støttar eg kvar dag barna i å stå opp for seg sjølv og andre.

    Kom til Barnehagekonferansen 2018, du og eg

    Bli med og drøft korleis den medvitne barnehagelæraren hjelper barna til å handtere livet!

Påmelding

Konferansen er fullbooka. velkommen igjen neste år.

Følgebrev med prisar og anna finn du her.

Program finn du her.

Hedvig Montgomery er utdannet psykolog fra Universitetet i Oslo og har fordypning i familieterapi. Siden endt utdannelse har hun arbeidet med både enkeltpersoner og familier med behov for hjelp og veiledning, samt holdt kurs og foredrag i ulike sammenhenger for å hjelpe familier med å forebygge problemer. Montgomery har bidratt som spaltist i ulike dagsaviser og på andre måter bidratt med psykologisk kunnskap i det offentlige rom.

Kjetil Børhaug, professor og statsvitar med hovudfag i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. Han disputerte ved UiB på ei avhandling om utdanning og politisk sosialisering. Børhaug har vore tilknytta Christian Michelsens Institutt, Høgskulane i Lillehammer og Bergen, og er i dag tilsett ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB. Han leier ekspertgruppa som utgreier barnehagelærarane som profesjon. Leiing i møte med styring, konkurranse, endra organisatoriske rammer og utvikling har vore viktige tema i forskinga hans.

 

Sigrid Sollund er forfattar og utdanna journalist frå Høgskulen i Volda. Ho arbeider som programleder i Dagsnytt atten i NRK, og har skrevet bok om hersketeknikker. Her handler det mye om makt og relasjoner, strukturelt og mellommenneskelig. Hvordan hersker vi ubevisst over andre, hvordan oppdager vi at noen hersker over oss, og hvordan kan vi verge oss mot det?

Roar Amdam, professor i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Amdam har bygd opp og leiar høgskulens mastergradsprogram i samfunnsplanlegging og leiing. Han har publisert ei rekke artiklar og fleire bøker innanfor planlegging og utvikling. Sentrale omgrep i hans forsking er instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, kollaborativ planlegging, læring og innovasjon, samt legitimitet. Det gjennomgåande temaet er korleis planlegging blir brukt, og kan brukast som reiskap for å fremme ønska utvikling i organisasjonar og samfunn.

Turi Pålerud er barnehagelærer og fagpedagog. Hun har jobbet i barnehage, i barnehagelærerutdanningen og er for tiden politisk rådgiver i Utdanningsforbundet. Hun er også skribent med en master i faglitterær skriving, og har skrevet bøker og artikler for barnehagefeltet.

 

Følg Barnehagekonferansen 2018 på Facebook

 

 

Del på