Diagnosemanualar

ICD KODEVERK 

Det er Verdens helseorganisasjon (WHO) som eig og publiserer ICD-kodeverket. Alle WHO sine medlemsland skal nytte seg av dette kodeverket til statistikk for sjukdommar og dødsårsaker. Gjeldande kodeverk i Norge er ICD-10 som vart godkjent av WHO i 1990. Det kjem årlege revisjonar til ICD-10. 

ICD-10

I teksten:

Når du omtalar diagnosemanualar som er kjent under eit bestemt namn i daglegtale og dette ikkje kjem fram i referansen, er det vanleg (men ikkje nødvendig) å nemne tittelen og utgåva i teksten. Du kan difor korte ned namnet på manualen til ICD i teksten, men i litteraturlista skal tittelen skrivast fullt ut.

Når du nemner kortforma av manualen i teksten:

(10. utg.; ICD-10; Verdens helseorganisasjon, 2019, s. 477)

Om du ikkje vil ta med kortforma av manualen og utgåve i teksten:

(Verdens helseorganisasjon, 2019, s. 477)

I litteraturlista:

Verdens helseorganisasjon. (2019). Den internasjonale statistiske klassifikasjonen av sykdommer og beslektede helseprobemer (10. utg.). Direktoratet for e-helse. https://ehelse.no/kodeverk/kodeverket-icd-10-og-icd-11

OPPSLAGSORD I ICD-10

I teksten: 

Når du nemner kortforma av manualen i teksten:

(10. utg.; ICD-10; Verdens helseorganisasjon, 2019)

Om du ikkje vil ta med kortforma av manualen og utgåve i teksten:

(Verdens helseorganisasjon, 2019)

I litteraturlista:

Verdens helseorganisasjon. (2019). F40: Fobiske angstlidelser. I Den internasjonale statiske klassifikasjonen av sykdommer og beslektede helseproblemer (10. utg.). Direktoratet for e-helse. https://finnkode.ehelse.no/#icd10/0/0/0/2599502

BLÅBOKA I ICD-10

Blåboka er ei utviding av kapittel V om psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar i ICD-10. Vi vel difor å  registrere Blåboka som sjølvstendig kjelde, og ikkje som eit kapittel i ICD-10.

I teksten:

(Verdens helseorganisasjon, 2019, s. 13)

I litteraturlista:

Verdens helseorganisasjon. (2019). ICD-10: Psykiske lidelser og atferdsforstyrrelser; Kliniske beskrivelser og diagnostiske retningslinjer (Blåboka). Direktoratet for e-helse. https://ehelse.no/standarder/ikke-standarder/icd-10-psykiske-lidelser-og-atferdsforstyrrelse-kliniske-beskrivelser-og-diagnostiske-retningslinjer-blaboka