APA 7 eksempelsamling

APA-stilen baserer seg på kjeldetilvisingar i form av parentesar i teksten. Kvar gong du refererer til ei kjelde, skriv du inn ein parentes med opplysningar om forfattar, årstal og sidetal. Til slutt i teksten skal alle kjeldene førast opp i ei utfyllande kjeldeliste/litteraturliste som er ordna alfabetisk etter forfattaren sitt etternamn. 

Om du ikkje finn det du leitar etter i eksempelsamlinga, kan du sjekke Kildekompasset, APA Style Blog eller Norsk APA 7-manual.

Brukar du framleis APA 6? Då bør du vurdere å skifte til den meir oppdaterte stilen APA 7. Hjelp til APA 6 finn du inntil vidare her: APA 6 eksempelsamling

Kva er nytt i APA 7?

NB! APA brukar hengande innrykk (hengemarg) i kjeldelista dersom siteringa strekkjer seg over meir enn éi linje. Dette viser dessverre ikkje i eksempelsamlinga.