Lysark, PowerPoint, intranettressursar

Nokre kjelder er ikkje tilgjengelege for alle, og det påvirkar måten du refererer til dei på. Det kan for eksempel vere dokument frå læringsplattformer som Canvas, eller frå intranett på jobben. Desse dokumenta er berre tilgengelege for undervisarar og medstudentar eller kollegaer. 

Dersom dei du skriv for har moglegheit til å få tilgang til kjeldene du brukar, kan du følgje malen  for lysark/PowerPoint-presentasjonar nedanfor. Ta med namnet på læringsplattforma/intranettet. URL-en skal vise til ei innloggingsside.

Dersom kjeldene ikkje er tilgjengelege for andre, refererer du til dei i teksten som personleg kommunikasjon.

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Etternamn, år, evt. lysarknummer)

Eksempel:

(Coyle, u.å., lysark 65)

(Melheim, u.å., lysark 33)

KJELDA I LITTERATURLISTA

Format:

Etternamn på forfattar, A. A. (Publiseringstidspunkt). Tittel: Undertittel [Lysarkpresentasjon]. Intranett/læringsplattform. https://xxxxx

Eksempel:

Coyle, K. (u.å.). Bibliographic data: A new context [Lysarkpresentasjon]. Karen Coyle. http://www.kcoyle.net/presentations/oslo2011.pdf

Melheim, B. G. (u.å.). Helsefremmende sykepleie [Lysarkpresentasjon]. Canvas. https://hvl.instructure.com/