APA 7 – Ofte stilte spørsmål

Et al. – kva betyr det?

Et al. er ei forkorting for det latinske et alii  som tyder med fleire. I APA-stilen brukar du et al. når du i teksten viser til ei kjelde som har meir enn to forfattarar. Du skriv då første forfattarnamn et al.

Eksempel:

I teksten: (Sødal et al., 2020, s. 50–55)

I litteraturlista ser kjelda slik ut:

Sødal, H. K., Hodne, H., Repstad, P. & Tallaksen, I. M. (2020). Religioner og livssyn i skolehverdagen (2. utg.). Cappelen Damm akademisk.

Fleire kjelder i same parentes

Dersom du brukar fleire kjelder i same setning eller avsnitt, kan desse setjast i same parentes. Bruk semikolon mellom forfattarane i parentesen.

Ulike forfattarar: Kjeldene skal stå i alfabetisk rekkjefølgje og skiljast med semikolon.
Eksempel: (Repstad, 2007, s. 56; Riis, 1996, s. 143)

Same forfattar: Kjeldene skal stå i kronologisk rekkjefølgje og skiljast med komma.
Eksempel: (Wassmo, 2003, s. 88, 2006, s. 96)

Fleire kjelder av same forfattar utgitt same år

Kjelder skrivne av same forfattar same år, skil ein frå kvarandre ved å legge til a, b, c, osv. etter årstalet. I litteraturlista skal kjeldene stå i alfabetisk rekkjefølgje basert på tittelen (i eksempelet nedanfor alfabetisk etter G, R og S). Sjå bort frå eventuelle ubestemte og bestemte artiklar ved alfabetisering. Det er sorteringa i litteraturlista, ikkje siteringsrekkjefølgja i teksten, som styrer rekkjefølgja på a, b, c, osv.

Eksempel på kjeldene i teksten:

(Lohndal, 2015a, 2015c) … (Lohndal, 2015b) 

Eksempel på kjeldene i litteraturlista:

Lohndal, T. (2015a). Grammatikk og struktur. Norsklæreren, 39(3), 74–75. 
Lohndal, T. (2015b). Review of «Syntax of Substance». Linguistic Analysis, 39, 431–435. 
Lohndal, T. (2015c). Språk er i hjernen. Språknytt, 43(2), 22–24.

Merk deg:
Dersom du har eksakt dato for utgivingane, set du datoane i kronologisk rekkjefølgje før du evt. alfabetiserer titlane.

Fleire kjelder med same førsteforfattar utgitt same år

Dersom du har fleire kjelder med same førsteforfattar utgitt same år, må du legge til så mange forfattarnamn du treng for å sjå skilnad på tilvisingane.

Eksempel i teksten:

(Torp, Nielsen, Gudbergsson & Dahl, 2012, s. 2150)
(Torp, Nielsen, Gudbergsson, Fosså et al., 2012, s. 320)

Eksempel i litteraturlista:

Torp, S., Nielsen, R., Gudbergsson, S. & Dahl, A. (2012). Worksite adjustments and work ability among employed cancer survivors. Supportive Care in Cancer, 20(9), 2149–2156. https://doi.org/10.1007/s00520-011-1325-3

Torp, S., Nielsen, R., Gudbergsson, S., Fosså, S. & Dahl, A. (2012). Sick leave patterns among 5-year cancer survivors: A registry-based retrospective cohort study. Research and Practice,6(3), 315–323. https://doi.org/10.1007/s11764-012-0228-8

Forfattarar med same etternamn

Dersom du viser til fleire kjelder i teksten der første forfattar har same etternamn, brukar du initialar for å skilje mellom forfattarane. På den måten sikrar du at det ikkje oppstår forvirring om opphavsperson. Dette gjeld sjølv om kjeldene er publisert på forskjellig tidspunkt.

Eksempel på tilvising i teksten:

 ... (J. Bing & Bringsværd, 2004, s. 52) ... (K. Bing, 2000, s. 39)

I litteraturlista skal kjeldene førast slik:

Bing, J. & Bringsværd, T. Å. (2004). Oslo 2084: Fire fortellinger om fremtidige forbrytelser. Pax.

Bing, K. (2000). Norge i mit hjerte: Erindringsglimt fra et liv i og med Norge i et halvt århundre. Reitzel.

Merk deg:

Det er berre første forfatternamn i eksempelet over som skal ha initialar,  altså berre Bing og ikkje Bringsværd (sjølv om det skulle vere fleire Bringsværd i litteraturlista). Årsaka er at det er Bing som blir innførselselement litteraturlista.

Ibid. – kan eg bruke det i APA?

I APA skal ibid. ikkje brukast.

Ingen boksar i eksempelsamlinga passar!

Det er slett ikkje alltid kjelda du har brukt passar perfekt inn i ein av boksane i eksempelsamlinga. Då kan det vere at du må kombinere to boksar eller lage ein eigen variant av ein boks. Reglane for trykte og elektroniske kjelder er ganske like. Om du har ei elektronisk kjelde, er det lurt å sjekke om det finst ein boks for ei trykt kjelde som kan likne. Ofte kjem du i mål ved å legge til ein URL eller DOI.

Det viktigaste er at du er konsekvent og at det i teksten og litteraturlista kjem fram opplysningar som kan identifisere kjelda.

Det er fire typar opplysningar som skal til for å lage ein referanse:

  • Kven: Forfattar, Institusjon/Organisasjon, Departement, osv.
  • Når: Tidspunkt for utgiving. Vanlegvis årstal, men nokre nettkjelder krev også dato.
  • Kva: Tittel. Dersom det ikkje finst nokon tittel, kan du lage ei beskriving i skarpe klammer.
  • Kvar: Forlag, namn på nettstad, departement.

Til saman blir dette:

Forfattar. (År). Tittel [evt beskriving i skarpe klammer]. Utgivar. URL eller DOI

Korleis sitere Salamanca-erklæringa

Dette er ei erklæring som vart vedteke på ein konferanse. Oppsettet i litteraturlista blir då slik:

UNESCO. (1994, 7.–10. juni). The Salamanca Statement and Framework for Action on Special Needs Education. Adopted by the World Conference on Special Needs Education: Access and Quality, Salamanca, Spain. https://www.right-to-education.org/sites/right-to-education.org/files/resource-attachments/Salamanca_Statement_1994.pdf

Kva er Creative Commons (CC)?

Creative Commons er eit sett av lisensar som opphavspersonen kan nytte for å opne for visse former for bruk og gjenbruk. Alle lisensane krev at opphavspersonen vert namngitt ved bruk av eit lisensiert verk. Det finst seks ulike Creative Commons-lisensar.  Den opnaste av dei er CC BY som tillet at du både kan dele (kopiere, distribuere) og bearbeide materialet til kva som helst slags formål. Meir informasjon om dei ulike lisensane finn du på Creative Commons sine nettsider.

Kva er DOI?

DOI (digital object identifier) er ein unik identifiseringskode som vert tildelt elektroniske dokument for at dei skal vere enkle å finne på internett. I motsetning til nettadresser (URLar) som kan endrast eller slettast, er DOI-nummeret ein permanent identifiseringskode som alltid heng saman med dokumentet. Du finn som oftast DOI-nummeret på framsida til elektroniske artiklar, nær copyright erklæringa, eller på databasen si landingsside for artikkelen. Både bøker, artiklar og datasett kan ha DOI.

Eksempel på DOI-nummer: 10.1177/1090198109343895

For å finne ein artikkel ved bruk av DOI-nummeret, må du skrive inn følgjande nettadresse følgt av DOI-nummeret: https://doi.org/  Du vil då bli ført direkte til artikkelen.

Eksempel: https://doi.org/10.1177/1090198109343895 

Når du skriv ein referanse som har DOI-nummer, må du leggje til https://doi.org/ framfor sjølve nummeret. 

Omsetjing av sitat

Dersom du omset eit sitat frå eit språk til eit anna, blir det å rekne som parafrasering/indirekte sitat. Dette gjeld sjølv om du har omsett ord for ord.

Skal lesedato/hentedato for nettsider takast med?

Du skal vanlegvis ikkje ta med lesedato/hentedato. Unntak frå dette er når ei nettside har innhald som vert  oppdatert svært ofte, og det ikkje finst dato for siste oppdatering eller arkiverte versjonar av sida.  Du set då inn hentedato før URL.
Eksempel: Henta 2. oktober 2020 frå https://xxxxx

Om ei side manglar både publiseringstidspunkt og dato for oppdatering, skriv du u.å. Også i slike tilfelle kan det vere lurt å ta med lesedato/hentedato.

Vanlege forkortingar

Avsnitt = avsn.
Bind = bd.
Blad = bl.
Et alii (og fleire) = et al.
Figur(ar) = fig.
Kapittel = kap.
Opplag = oppl.
Omsetjar / omsett = oms.
Redaktør(ar) = red.
Revidert = rev.
Side(r) = s.
Tabell(ar) = tab.
Utan årstal = u.å.
Utgåve = utg.