Bok med forfattar, bidrag/forord av andre
I parentestilvisinga i teksten fører du berre opp bokforfattar(ar). Dersom du viser til den delen som er skrive av bidragsytaren, krediterer du bidragsytaren i den løpande teksten. Metoden er vanleg for å vise til forord/etterord skrive av nokon andre enn forfattar.
KJELDA I TEKSTEN
Eksempel:
Melinda Oberleitner skriv at «…» (McEwen & Wills, s. 363).
I forordet diskuterer Roger Watson (Aveyard, 2019, s. x–xi) ...
KJELDA I LITTERATURLISTA
Eksempel:
McEwen, M. & Wills, E. M. (2014). Theoretical basis for nursing (4. utg.). Lippincott Williams & Wilkins.
Aveyard, H. (2019). Doing a literature review in health and social care: A practical guide (4. utg.). Open University Press.
I ENDNOTE
Leggast inn som Book.
Fyll ut felta: Author, Year, Title, evt. Edition, Publisher
For å legge til fleire forfattarar, trykker du enter/linjeskift.
I ZOTERO
Leggast inn som Bok.
Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, evt. Utgave, Utgiver, Dato
Når det er fleire forfattarar, klikk på + til høgre for å legge til fleire.