E-bok

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Etternamn, år, s. sidetal)

Eksempel:

(Vareide, 2018, s. 166)

Merk deg:

E-bøker viser ofte ikkje sidetal slik du finn dei i trykte bøker. Vis då heller til kapittel og avsnitt.

Eksempel: (Goodfellow et al., 2016, kap. 1, avsn. 3)

KJELDA I LITTERATURLISTA

Format:

Etternamn, A. A. (År). Tittel: Undertittel (utg. viss anna enn første utgåve) [evt. versjon, f. eks. Kindle]. Forlag. https://doi.org/xxxxx eller https://xxxxx

Merk deg:

Dersom boka har DOI, skal den førast opp. Om boka ikkje har DOI, kan du føre opp URL i staden. For e-bøker som er identiske med trykt utgåve, er URL valfritt. Dersom boka ikkje har DOI og e-bokversjonen berre er tilgjengeleg gjennom ein betalingsteneste, skal du referere som til ei trykt bok.

Eksempel:

Goodfellow, I., Bengio, Y. & Courville, A. (2016). Deep learning. MIT Press. https://amzn.to/2ZM5xP3

Vareide, K. (2018). Hvorfor vokser steder? Og hvordan kan utviklingen påvirkes? Cappelen Damm akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.32

I ENDNOTE

Leggast inn som Electronic Book.

Fyll inn felta: Author, Year, Title, evt. Edition, Publisher og URL eller DOI.

I ZOTERO

Leggast inn som Bok.

Fyll inn felta: Tittel, Forfatter, evt. Utgave, Utgiver, Dato, URL  eller Ekstra: DOI:xxxx