Forfattar manglar

Vanlegvis har ei kjelde forfattar eller redaktør. Det kan vere ein personleg forfattar, eller det kan vere ein institusjon/organisasjon. I nokre tilfelle manglar opplysningar om forfattar. Då må du referere til tittelen i staden. I løpande tekst viser du berre til hovudtittel, dvs. at du ikkje tek med undertittelen. I litteraturlista fører du opp verket alfabetisk etter tittel. Her skal alle tittelopplysningane med.

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Tittel, år, s. sidetal)

Eksempel:

(Historisk riss for Vestfold, 2005, s. 35)

I følgje boka Historisk riss for Vestfold (2005, s. 35) ...

Merk deg:

Tittelen på bøker, rapporter og andre sjølvstendige publikasjonar skal stå i kursiv både i litteraturlista og i løpande tekst. Dersom det dreier seg om ein artikkel eller liknande, skal tittelen stå i «sitatteikn» i teksten.

KJELDA I LITTERATURLISTA

Format:

Tittel: Undertittel. (År). Forlag/Utgivar.

Eksempel:

Historisk riss for Vestfold: Vestfolds historiske utvikling fra 10000 f.Kr og til vår egen tid. (2005). Vestfold fylkeskommune.

I ENDNOTE

Leggast inn som Book.
Fyll ut felta: Year, Title, evt. Edition, Publisher

I ZOTERO

Leggast inn som Bok.
Fyll ut felta: Tittel, evt. Utgave, Utgiver, Dato