Forskrifter
KJELDA I TEKSTEN
Format:
(Korttittel på forskrifta, år, paragraf)
Dersom forskrifta ikkje har korttittel, brukar du fullstendig tittel.
Eksempel:
(Psykisk helsevernforskriften, 2011, § 2)
(Forskrift om nasjonal retningslinje for vernepleierutdanning, 2019, § 5)
Merk deg:
Om du refererer til tittel på forskrifta i løpande tekst, skal forskrifta skrivast med liten forbokstav. Eksempel: I psykisk helsevernforskriften står det at ... (2011, § 2).
KJELDA I LITTERATURLISTA
Format:
Korttittel på forskrifta. (År). Fullstendig tittel på forskrifta (datokode). Namn på nettstaden. https://xxxx kort URL
Eksempel:
Psykisk helsevernforskriften. (2011). Forskrift om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern m.m. (FOR-2011-12-16-1258). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2011-12-16-1258
Forskrift om nasjonal retningslinje for vernepleierutdanning. (2019). Forskrift om nasjonal retningslinje for vernepleierutdanning (FOR-2019-03-15-411). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2019-03-15-411
Merk deg:
Forskrifta skal førast inn på korttittel, for samsvar mellom sitering og litteraturliste.
Kort URL finner du ved å klikke på «del dokument» inne i Lovdata.
ENDNOTE
Leggast inn som Legal rule or regulation.
Fyll ut felta: Author (her skriv du inn korttittelen til forskrifta, hugs komma til slutt) Year, Title, Publisher, Rule number, URL.
ZOTERO
Leggast inn som Bok.
Fyll ut felta: Tittel, Forfattar (her skriv du inn korttittelen på forskrifta), Utgåve (her skriv du inn datokoden), Utgivar, Dato, URL.
Vel eitt felt i forfattarfeltet for å forhindre ei eventuell invertering/omsnuing.