Klassiske verk, verk utgitt på nytt

Klassiske verk har ikkje alltid eit kjent eller eksakt publiseringstidspunkt. Verka vil også som regel vere omsett eller utgitt fleire gonger. Du skal alltid vise til den utgåva eller omsetjinga som du sjølv har brukt.

Dersom det gjeld eit klassisk verk der publiseringstidspunktet er kjent, fører du opp årstal for første utgiving i opphavslandet i tillegg til årstal for den utgåva/omsejtinga som ligg til grunn for teksten din.

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Forfattarnamn, opprinneleg utgivingsår/år for utgåva du brukar, s. sidetal)

Eksempel:

(Dante Alighieri, 1472/2005, s. 241)

(Homer, ca 800 f. Kr./1898, s. 53)

KJELDA I LITTERATURLISTA

Format:

Forfattarnamn. (År for utgåva du brukar). Tittel: Undertittel (A. A. Etternamn på omsetjar, Oms.; evt. utg.). Forlag. (Opprinneleg utgitt år)

Eksempel:

Dante Alighieri. (2005). Den guddommelege komedie (M. Ulleland, Oms.; 2. utg.). Gyldendal. (Opprinneleg utgitt 1472)

Homer. (1898). The Iliad (S. Butler, Oms.). The Internet Classics Archive. http://classics.mit.edu/Homer/iliad.html
(Opprinneleg utgitt ca 800 f. Kr)