Kjeldeliste (litteraturliste)

På slutten av dokumentet skal det vere ei kjeldeliste/litteraturliste. Føremålet med kjeldelista er å hjelpe lesaren med å finne dei same kjeldene som du har brukt. Med nokre få unntak (bla. personleg kommunikasjon), skal alle kjeldene førast opp.

    Hugsereglar:

    • Kjeldelista startar på ei ny side.
    • Bruk Litteraturliste, Kjeldeliste eller Referanseliste som overskrift.
    • Ved kjelder som vert skrivne over fleire linjer, skal alle linjene ha innrykk så nær som den første.
    • Lista skal ordnast alfabetisk etter forfattarane sine etternamn.
    • Ved fleire medforfattarar skal lista alfabetiserast etter første forfattar (dvs. etter etternamnet på den forfattaren som er ført opp først i referansen).
    • Dersom ein forfattar har skrive fleire verk, skal dei ordnast kronologisk med eldste årstal først.
    • Dersom ein forfattar har skrive fleire verk same år, brukar ein a, b, c, etter årstalet for å skilje arbeida.
    • Dersom personleg forfattar manglar, kan ein institusjon/organisasjon fungere som forfattar.
    • Der det ikkje er nokon forfattar i det heile, brukar ein tittel som ordningsord.
    • Lover og forskrifter skal setjast opp etter korttittel.
    • Hugs at det skal vere samsvar mellom tilvisingane og litteraturlista. All litteratur som er referert eller sitert i teksten skal vere med i litteraturlista. Det skal heller ikkje stå noko i litteraturlista som det ikkje er referert til i teksten.