Lover

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Korttittel til lova, år, paragraf)

Om lova ikkje har nokon korttittel, brukar du fullstendig lovtittel.

Eksempel:

(Arbeidsmiljøloven, 2005, § 2–2)

I følgje arbeidsmiljøloven (2005, § 2–2) ...

(Opplæringslova,1998, § 2–1)

I følgje opplæringslova (1998, § 2–1) ...

 

Merk deg:

Før opp korttittel og årstal til den opprinnelege lova. Opplysningar om korttittel finst under kvar lov i Lovdata.

Dersom du viser til ein bestemt paragraf i lova, skal denne også refererast.

Om du viser til lova i løpande tekst utanfor parentesen, skal ho skrivast med liten forbokstav, og tittelen skal ikkje kursiverast. Unntak frå dette er når du viser til Grunnlova.

KJELDA I LITTERATURLISTA

Format:

Korttittel til lova. (År). Fullstendig lovtittel (datokode). Namn på nettstaden. https://xxxxx kort URL

Eksempel:

Arbeidsmiljøloven. (2005). Lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern m.v.  (LOV-2005-06-17-62). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-62

Folketrygdloven. (1997). Lov om folketrygd (LOV-1997-02-28-19). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1997-02-28-19

Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1998-07-17-61

Merk deg:

Lova skal førast inn på korttittel, for samsvar mellom sitering og litteraturliste.

Kort URL finner du ved å klikke på «del dokument» inne i Lovdata.

Fjern URL dersom du viser til den trykte utgåva av Norges lover.

Vis alltid til dato for originallova, med mindre du refererer til ei bestemt endring og det er naturleg å vise til den aktuelle endringsdatoen.

Kommentarutgåver skal refererast i samsvar med kjelda, dvs. som nettsider, bøker, osv.

ENDNOTE

Leggast inn som Legal rule or regulation.

Fyll ut felta: Author (her skriv du inn korttittelen til lova, hugs komma til slutt) Year, Title, Publisher, Rule number (legg inn lova sitt nummer), URL.

Merk deg:

Dersom du skriv på engelsk og brukar engelsk utgåve av APA 7th:

Leggast inn som Report

Fyll ut felta: Author (her skriv du inn korttittelen til lova, hugs komma til slutt), Year, Title, Publisher, Report Number (legg inn lova sitt nummer), URL

ZOTERO

Leggast inn som Bok.

Fyll ut felta: Tittel, Forfattar (her skriv du inn korttittelen på lova), Utgåve (her skriv du inn datokoden), Utgivar, Dato, URL.

Vel eitt felt i forfattarfeltet for å forhindre ei eventuell invertering/omsnuing.