Nettside

KJELDA I TEKSTEN

Format:

(Etternamn eller institusjon/organisasjon, år, evt. sidetal/avsnitt)

Eksempel:

(Vinther, 2016)

Vinther, 2016, Definisjon, avsn. 3)

(Helsedirektoratet, 2016)

(Helsedirektoratet, 2016, pkt. 3)

Merk deg:

Dersom du ikkje finn nokon personleg forfattar, fører du opp du institusjon/organisasjon som forfattar.

Dersom du ønsker å vise til ein heil nettstad, men ikkje til spesielle sider derifrå, er det nok å legge inn ein URL til nettstaden i teksten din. Då treng du ikkje innførsel i litteraturlista. Eksempel: Kidspsych er ein interaktiv nettstad for barn (http://www.kidspsych.org).

KJELDA I LITTERATURLISTA

Nettside med personleg forfattar – format:

Etternamn, A. A. (År, dato for innhald som blir ofte publisert/oppdatert). Tittel: Undertittel. Namn på nettstaden. https://xxxxx

Eksempel:

Vinther, T. (2016, 11. januar). Fusk og plagiering. De nasjonale forskningsetiske komiteene. https://www.forskningsetikk.no/ressurser/fbib/redelighet/fusk-og-plagiering/
 
Nettside med organisasjon som forfattar – format:

Organisasjon eller Institusjon. (År, dato for innhald som blir ofte publisert/oppdatert). Tittel: Undertittel.  Namn på nettstaden. https://xxxxx

Eksempel:

Helsedirektoratet. (2016, 24. oktober). Kostrådene. https://helsedirektoratet.no/folkehelse/kosthold-og-ernering/kostrad-fra-helsedirektoratet

Merk deg:

Namn på nettstad skal ikkje førast opp dersom det er det samme som forfattar.

Dersom du har tilgang til både år/dato for publisering og år/dato for siste oppdatering, brukar du sistnemnde.

Du skal vanlegvis ikkje ta med lesedato/hentedato. Unntak frå dette er når ei nettside har innhald som vert oppdatert svært ofte, og det ikkje finst dato for siste oppdatering eller arkiverte versjonar av sida. Du set då inn hentedato før URL.
Eksempel: Henta 2. oktober 2020 frå https://xxxxx

Om ei side manglar både publiseringstidspunkt og dato for oppdatering, skriv du u.å. Også i slike tilfelle kan det vere lurt å ta med lesedato/hentedato.

I ENDNOTE

Leggast inn som Web page.

Fyll ut felta: Author, Year, Title, Publisher, Last update date, URL.

Om forfattar er ein institusjon/organisasjon, må du legge til eit komma på slutten av namnet for å unngå omsnuing/invertering.

Merk deg: Dersom du treng hentedato på referansen, må du også fylle ut Access date

I ZOTERO

Leggast inn som Nettside.

Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Nettstedets tittel (dersom det ikkje er det same som forfattar), Dato og URL.

Om forfattar er ein organisasjon/institusjon, må du velje eitt felt i forfattarfeltet for å unngå ei eventuell omsnuing/invertering av namnet.

Merk deg: Dersom du treng hentedato på referansen, må du legge til dette manuelt