Sekundærkjelder

Med sekundærkjelde meiner vi at kjelda du les refererer til eit innhald som først vart presentert i ei anna kjelde. Denne kjelda der innhaldet først blei presentert, er primærkjelda. Så langt det er mogeleg bør du prøve å finne fram til primærkjelda og sitere denne. Dersom det ikkje går, må du vise at du gjengir sitatet frå ein annan tekst. 

KJELDA I TEKSTEN

Bowlby fann i 1990 (sitert i Sieger, 2002, s. 246) at det heile var …

Sieger (2002, s. 246) referer til Bowlby som hevdar at …

Ifølgje Sieger (2002, s. 246) meiner Bowlby at …

Merk deg:

  • I eksempla over er Bowlby primærkjelde. Sidan du ikkje har fått tak i boka til Bowlby, siterer du Sieger som refererer til Bowlby i si bok. Sieger er såleis sekundærkjelde.
  • Du bør i størst mogeleg grad nytte primærkjelder for å unngå eventuelle feiltolkingar eller feil.

KJELDA I LITTERATURLISTA

Det er berre den kjelda du har brukt (i dette tilfellet sekundærkjelda) som skal førast opp i litteraturlista.

I eksempelet over er det såleis berre Sieger som skal førast opp  i litteraturlista.