Sidetal manglar

Nokre gonger finst det ikkje sidetal. Det kan for eksempel gjelde internettsider og nokre artiklar. Eit tips kan vere å laste ned ein pdf-versjon av sida/artikkelen dersom det eksisterer. Då får du som regel ein versjon av dokumentet med sidetal.

Det er ikkje alltid dette går, og då må du prøve å finne andre måtar å gjere det på. Du kan vise til avsnittsnummer der det finst, til kapittelnummer, overskrifta på kapittelet, til paragrafnummer for f.eks. lover, eller du kan telle avsnitt sjølv.

Eksempel:

(Institutt for samfunnsforskning, 2015, avsn. 3)
(McCabe, 2001, kap. 2–5) 
(Kunnskapsdepartementet, 2017, Demokrati) 
(Helsepersonelloven, 1999, § 76)

Dersom ei kjelde i litteraturlista di manglar sidetal (td. ein tidsskriftartikkel), kan du hoppe over denne informasjonen.