Kjelder i teksten

Når er det krav om å vise til kjelder?

  • Du skal alltid oppgi kjelde i teksten og i kjeldelista når det faglege innhaldet ikkje byggjer på eige materiale, eigne resonnement eller meiningar.
  • Å vise til kjelder er svært viktig for å markere når du siterer, parafraserer eller oppsummerer tekst skriven av andre. 
  • Når du viser til kjelder på ein korrekt måte, markerer du også tydeleg grensa for eigen og andre sin tekst.
  • Å sitere korrekt er heilt avgjerande for å unngå plagiat.
  • Om du viser til noko som er allment kjent, treng du ikke oppgi kjelde.
  • Eksempel på allmennkunnskap der du ikkje treng å føre opp kjelde:
    • I Noreg er det stortingsval kvart fjerde år.
    • Noreg er ikkje medlem av EU.
    • Joe Biden blei i 2021 valt som president i USA.

Indirekte sitat (parafrasering)

Indirekte sitat (parafrasering)

  • Indirekte sitat er tekst som du har formulert sjølv, men som er basert på andre sitt arbeid. Då siterer du, men brukar eigne ord. Slik omskriving blir ofte kalla parafrasering.
  • Hugs å omformulere kjelda slik at du ikkje brukar dei same orda som originalteksten. Det gjer du best dersom du legg vekk kjelda medan du skriv. Om teksten din er for lik kjelda kan det oppfattast som plagiat, sjølv om du har kjeldetilvising.
  • Pass også på at du gjengir det som står i kjelda på ein sannferdig måte, utan at meiningsinnhaldet blir endra.

Indirekte sitat/parafraser skal skrivast som vanleg løpande tekst, men for å unngå å bli teken for plagiat, er det heilt avgjerande at du viser til kjelda i teksten.

  • Standardforma for tilvising er parentestilvising: (Etternamn til forfattar, år, s. sidetal).
  • Merk deg at kravet om sidetal ikkje er absolutt ved indirekte sitat. Det blir likevel tilrådd for å gjere det så enkelt som mulig å finne tilbake til kjelda. Spør rettleiaren din om du er i tvil.
  • Eksempel:
    Dette viser at bøndene på Nordvestlandet ... (Fet, 2003, s. 101).

Narrativ tilvising

  • I ei narrativ tilvising brukar du etternamnet til forfattar i teksten og viser til årstalet i parentes rett etter namnet.
  • Eksempel:
    Fet (2003, s. 101–103) skriv at ...

Ofte kan det vere lurt å veksle mellom parentestilvisingar og narrative tilvisingar for å skape variasjon og flyt. Når du nemner forfattaren i teksten, er det gjerne for å vektlegge forfattar. Når forfattar er inkludert i parentestilvisinga til slutt i teksten, er det mest vekt på tema.

Eksempel:

Førland (1996, s. 11) hevdar at alle studentar innan samfunnsfag og humaniora må lære seg den akademiske sjangeren, der drøfting er eit viktig kjenneteikn.

Den akademiske sjangeren har drøfting som eit viktig kjenneteikn, og alle studentar innan samfunnsfag og humaniora må lære seg den (Førland, 1996, s. 11).

Vise til fleire kjelder av same forfattar i same parentes

Dersom du viser til fleire kjelder av same forfattar i same setning eller avsnitt, kan det vere aktuelt å vise til kjeldene samla, i same parentes. Det kan gjerast slik:

... (Holden, 2008, s. 45, 2009, s. 89).

Kjeldene skal stå i kronologisk rekkjefølgje og skiljast med komma.

Vise til fleire kjelder av ulike forfattarar i same parentes

Om du vil vise til fleire kjelder av ulike forfattarar i den same parentesen, fører du opp kjeldene i alfabetisk rekkjefølgje, skilt med semikolon:

... (Baumfield et al., 2008, s. 45; Postholm, 2007, s. 146).

Vise til fleire kjelder av same forfattar, same år

Når du viser til fleire kjelder av same forfattar og dei er utgitt same året, skil du mellom dei med bokstavar på denne måten:

Det er tydeleg at dette har vore eit problem (Frønes, 2006a, s. 89). I ein annan samanheng peikar Frønes (2006b, s. 145) på at ...

eller: Dette har Frønes vist i mange samanhengar (2006a, s. 89, 2006b, s. 145).

 

Direkte sitat

Eit direkte sitat er ei ordrett attgjeving av ei kjelde. Det vil seie at det du siterer alltid skal vere heilt likt kjelda du siterer frå, både når det gjeld ord og teiknsetjing. Når du brukar direkte sitat, skal tilvisinga i teksten alltid innehalde etternamnet til forfattaren, utgivingsåret og sidetalet som sitatet er henta i frå.

Direkte sitat – inntil 40 ord

Eit kort sitat på inntil 40 ord skal skrivast i løpande tekst med «sitatteikn». Dersom du siterer ei nettside eller anna materiale som ikkje har sidetal, fører du opp avsnittsnummer, kapitteloverskift eller liknande, som gjer det lettare for lesaren å finne igjen sitatet.

Eksempel:

I følgje Kalleberg (2016) bør forskingsmiljøa «forsterke sin innsats for å fremme god henvisningsskikk og forebygge plagiering» (s. 90).

«Forskingsmiljøene bør forsterke sin innsats for å fremme god henvisningsskikk og forebygge plagiering» (Kalleberg, 2016, s. 90).

«Forskingsmiljøene bør forsterke sin innsats for å fremme god henvisningsskikk og forebygge plagiering», hevdar Kalleberg (2016, s. 90).

Direkte sitat – meir enn 40 ord

Når du brukar direkte sitat på meir enn 40 ord, skal du ikkje bruke sitatteikn. I staden skal du starte sitatet på ei ny linje, det skal skrivast med innrykka venstremarg og med ekstra linjeskift over og under sitatet. Punktum skal setjast framfor parentestilvsinga i slutten av sitatet.

Eksempel:

Dette er tydelege kjenneteikn ved det moderne samfunnet:

Det moderne samfunnet omtales ofte som kunnskapssamfunnet eller kvalifikasjons-samfunnet.  Med dette menes ikke bare at det er utviklet et samfunn som krever kunnskap og kvalifikasjoner, men at institusjonene for kunnskapsforvaltning, vitenskap og kvalifisering har en sentral posisjon. Utdanningssamfunnet er ikke bare et samfunn som krever utdanning av flere og flere – og der stadig flere får utdanning – det er også et samfunn der utdanningsinstitusjonene spiller en stadig viktigere rolle. (Frønes, 2006, s. 148)

Alternativt kan du innleie sitatet med å nemne forfattar og år. Då fører du opp berre sidetalet i parentesen bak sitatet.

Endre i eit sitat

Du kan gjere endringar i direkte sitat, men tenk deg godt om før du gjer det.

Utelate deler av eit sitat

Dersom du sløyfer deler av ei sitert setning, skal det markerast med tre punktum inne i skarpe klammer.

Eksempel:
Rognaldsen (2008) seier at «dermed er tilpasset opplæring […] også et politisk begrep» (s. 205).  

Legge til ekstra ord i eit sitat, bruk av kursiv i eit sitat

Når du har behov for å legge til ekstra ord i eit sitat, skal du bruke skarpe klammer.

Eksempel:
«Dermed kan [den enkelte læreren] betegnes som en vitenskapelig praktiker, en innovatør eller kanskje rett og slett en profesjonell yrkesutøver» (Skogen & Holmberg, 2002, s. 190).   

Merk deg:

Når det finst kursiv i den opphavelege teksten, skal du også gjengi det med kursiv i sitatet. Dersom du sjølv vil utheve noko som opphaveleg ikkje er utheva, må du skrive [mi utheving] like etter den utheva teksten.