Utgåve

Når du har ein publikasjon eller ei bok som har kome i fleire utgåver, skal du føre opp utgåveopplysningar i litteraturlista. Det er årstalet for den utgåva du har brukt som kjelde, som skal førast opp.

NB! Du skal ikkje ta med utgåveopplysningar for 1. utgåve.

Eksempel: 

(Imsen, 2020)

Imsen, G. (2020). Lærerens verden: Innføring i generell didaktikk (6. utg.). Universitetsforlaget.

NY UTGÅVE DER ANDRE ENN FORFATTAREN ER KNYTTE TIL DEN AKTUELLE UTGÅVA

Nokre gonger kan det vere at andre enn forfattaren har ansvaret for den aktuelle utgåva av boka som du brukar. Du skal då vise til forfattaren i teksten, medan du i litteraturlista tek med namnet på personane som er knytte til den aktuelle utgåva. (Merk deg at personane som har stått for revisjonen skal skrivast med fullt namn.)

KJELDA I TEKSTEN

Eksempel:

(Wadel, 2014, s. 123)

KJELDA I LITTERATURLISTA

Eksempel:

Gjørtz, B. (2004). Opplysningssøking: Innføring i håndbokskunnskap og søking i databaser med øvelses- og innsendingsoppgaver (3. utg. ved Jofrid Holter). Høgskolen i Oslo. 

Wadel, C. (2014). Feltarbeid i egen kultur (Rev. utg. ved Carl Cato Wadel og Otto Laurits Fugelstad). Cappelen Damm. 

NYE OPPLAG

Merk deg:

Det er skilnad på opplag og utgåve. Ny utgåve inneber at teksten er endra sidan førre utgåve. Nytt opplag  inneber berre at boka er trykt opp att uendra i nytt opplag. Opplagsopplysningar skal ikkje med i litteraturlista, og det er utgivingsåret for første opplag som skal førast som år. Unntak er dersom det er snakk om eit revidert opplag. Då er det snakk om endringar sidan førre opplag, og du tek med opplysningane i litteraturlista.

Eksempel: Skoglund, E. (2018). Anatomi og fysiologi: Kort og godt (Rev. oppl.). Fenris forlag.