Databasar og artiklar

Oria
Digital inngang til alle trykte og elektroniske ressursar i biblioteket.

Academic Search Elite
Fulltekstbase med tilgang til tidsskrift innan samfunnsvitskap, humaniora, språk og litteratur, kunst, teknologi og naturvitskap.

BrowZine
Ein teneste som gir deg enkel tilgang til alle e-tidsskrifta som Høgskulen i Volda abonnerer på. I ditt eige bibliotek i BrowZine kan du legge inn favorittane dine og få god oversikt over det du interesserer deg for. Brukarrettleiing på YouTube.

Google Scholar
Google sin søkemotor for vitskapeleg litteratur (artiklar, bøker, rapportar og avhandlingar). Inkluderer også dokument frå dei opne arkiva til norske og utanlandske universitet og forskingsinstitusjonar. Erstattar ikkje fagdatabasane, men kan vere ein bra stad å starte litteratursøk. Har også siteringssøk.

Helsebiblioteket - Ernæring
Oversikt over Helsebibliotekets ressursar innan ernæring. Blant anna oppslagsverk, forskingsoversikter, retningslinjer og tidsskrift.

Idunn
Norsk fulltekstbase med tidsskriftartiklar innan fleire fagområde. 

Norart
Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan alle fagområde, hovudsakeleg frå 1980-2020.

PubMed
Referansar til tidsskriftartiklar innan medisin, sjukepleie og andre helsefag.

Web of Science
Inneheld referansar til artiklar frå leiande tidsskrift innan vitskap, teknikk, samfunnsfag og humaniora. Gir informasjon om kvar og kor ofte ein artikkel er sitert.