Databasar og artiklar

Oria
Digital inngang til alle trykte og elektroniske ressursar i biblioteket.

Academic Search Elite
Fulltekstbase med tilgang til tidsskrift innan samfunnsvitskap, humaniora, språk og litteratur, kunst, teknologi og naturvitskap.

BrowZine
Ein teneste som gir deg enkel tilgang til alle e-tidsskrifta som Høgskulen i Volda abonnerer på. I ditt eige bibliotek i BrowZine kan du legge inn favorittane dine og få god oversikt over det du interesserer deg for. Brukarrettleiing på YouTube.

Cochrane Library
Dekkjer hovudsakeleg spørsmål om effekt av tiltak. Den beste kjelda for systematiske oversikter og kontrollerte undersøkingar innan helsefag. Fulltekst. Internasjonal dekning.

Epistemonikos
Gratis internasjonal (fleirspråkleg) database som inneheld systematiske oversikter om kliniske spørsmål. Epistemonikos søker systematisk i Pubmed og andre databasar etter relevante systematiske oversikter og oversikter over oversikter om behandling, diagnose, prognose, skade og etiologi.

ERIC
Internasjonal base over pedagogisk litteratur. Inneheld litteratur om pedagogikk og utdanning for dei fleste fag, emne og utdanningsnivå. Hovudsakleg tidsskriftartiklar, men også bøker, avhandlingar, konferanserapportar m.m. Over to tredjedelar av innhaldet er fulltekst.

Folkehelseinstituttet - oppsummert forskning for helse- og velferdstjenesten

Google Scholar
Google sin søkemotor for vitskapeleg litteratur (artiklar, bøker, rapportar og avhandlingar). Inkluderer også dokument frå dei opne arkiva til norske og utanlandske universitet og forskingsinstitusjonar. Erstattar ikkje fagdatabasane, men kan vere ein bra stad å starte litteratursøk. Har også siteringssøk.

Idunn
Norsk fulltekstbase med tidsskriftartiklar innan fleire fagområde.

MEDLINE (Ebsco)
Referansar til tidsskriftartiklar innan medisin, sjukepleie og andre helsefag. 

Norart
Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan alle fagområde, hovudsakeleg frå 1980-2020.

PEDro
Database over behandling og førebyggande tiltak innanfor fysioterapi. Inneheld referansar til systematiske oversikter, retningslinjer og kvalitetsvurderte randomiserte kontrollerte undersøkingar.

PubMed
Referansar til tidsskriftartiklar innan medisin, sjukepleie og andre helsefag.
Same innhald som Medline (Ovid), men med anna søkegrensesnitt. Søkerettleiing frå UiO, Medisinsk bibliotek

Web of Science
Inneheld referansar til artiklar frå leiande tidsskrift innan vitskap, teknikk, samfunnsfag og humaniora. Gir informasjon om kvar og kor ofte ein artikkel er sitert.