TV, video og film

TV OG VIDEOSNUTTAR

NRK Nett-TV
Mange av dokumentarfilmane som er viste på NRK, kan du sjå på nett.

 YouTubeGoogle videos og Vimeo finn du eit stadig veksande utval av videosnuttar.

FILM

Biblioteket har ei samling med animasjonsfilm, dokumentarfilm, spelefilm, musikk og filmatiserte litterære verk. Lånetida er ei veke. 
Dokumentarfilmar | Animasjonsfilmar | Spelefilmar

Filmbib
Database for strøyming av filmar frå Norsk filminstitutt. Inneheld kortfilmar og dokumentarfilmar som er opphavsrettsklarerte for klasseromsundervisning og privat bruk. For å bruke tenesta må du logge på med nasjonalt lånekort og pinkode frå folkebiblioteket ditt. Om du ikkje har nasjonalt lånekort kan du ordne det på Nasjonalbiblioteket sine sider.

Filmoteket
Ein teneste frå folkebiblioteka som gjer det enkelt for deg å låne og sjå film digitalt. Du må ha nasjonalt lånekort for å nytte tilbodet. I tillegg må folkebiblioteket ditt ha avtale med Filmoteket. Volda folkebibliotek og Hornindal bibliotek har avtale. Liste over andre bibliotek som har avtale.

IMDb
The Internet Movie Database. Omfattande filmleksikon på Internett.

Norsk filmografi
Nasjonalbiblioteket sin filmdatabase. Basen inneheld informasjon om alle norske langfilmar som har gått på kino eller som har blitt laga med tanke på kinovising. Som langfilmar reknar ein både spelefilmar, animasjonsfilmar og dokumentarfilmar.