Databasar og artiklar

Oria
Digital inngang til alle trykte og elektroniske ressursar i biblioteket.

Academic Search Elite
Fulltekstbase med tilgang til tidsskrift innan samfunnsvitskap, humaniora, språk og litteratur, kunst, teknologi og naturvitskap.

Atekst, Retriever
Fulltekst mediearkiv frå Retriever med artiklar frå norske aviser, blad og nyhendebyrå. Merk! Dersom det står Retriever Logg inn, må du laste inn sida på nytt (F5 eller Ctrl+r). 
Rettleiingsfilm: Finne avisartiklar i Retriever.
Merk: For ein del aviser er ikkje nyaste innhald tilgjengeleg (såkalla leseforsinkelse): Oversikt over kva aviser det gjeld for og når innhald er tilgjengeleg.

BioMed Central (BMC)
Uavhengig forlagshus som har som målsetjing å gi tilgang til fagfellevurdert biomedisinsk forsking. Alle originale artiklar som blir publisert av BioMed Central er gratis tilgjengeleg rett etter publisering.

BMJ Best Practice
Medisinsk og helsefagleg oppslagsverk for primær- og spesialisthelsetenesta.

BrowZine
Ein teneste som gir deg enkel tilgang til alle e-tidsskrifta som Høgskulen i Volda abonnerer på. I ditt eige bibliotek i BrowZine kan du legge inn favorittane dine og få god oversikt over det du interesserer deg for. Brukarrettleiing på YouTube.

Campbell Collaboration
Systematiske oversikter over effekt av tiltak innanfor felta utdanning, sosial velferd og kriminalitetsførebygging.

Cinahl
Internasjonal artikkelbase for helsefag med hovudvekt på sjukepleie. Særleg god på kvalitiativ forsking og stoff om pasienterfaringar.

Cochrane Library
Dekkjer hovudsakeleg spørsmål om effekt av tiltak. Den beste kjelda for systematiske oversikter og kontrollerte undersøkingar innan helsefag. Fulltekst. Internasjonal dekning. 

Epistemonikos
Gratis internasjonal (fleirspråkleg) database som inneheld systematiske oversikter om kliniske spørsmål. Epistemonikos søker systematisk i Pubmed og andre databasar etter relevante systematiske oversikter og oversikter over oversikter om behandling, diagnose, prognose, skade og etiologi.

Folkehelseinstituttet - oppsummert forskning for helse- og velferdstjenesten

Google Scholar
Google sin søkemotor for vitskapeleg litteratur (artiklar, bøker, rapportar og avhandlingar). Inkluderer også dokument frå dei opne arkiva til norske og utanlandske universitet og forskingsinstitusjonar. Erstattar ikkje fagdatabasane, men kan vere ein bra stad å starte litteratursøk. Har også siteringssøk.

Helsebiblioteket
Helsefaglege databasar og tidsskrift.

ICD-10
Dette er norsk versjon av ICD-10, ein internasjonal statistisk klassifikasjon av sjukdommar og beslekta helseproblem.
Det er WHO/Verdens helseorganisasjon som gir ut dette kodeverket medan Helsedirektoratet/ Direktoratet for e-helse står ansvarleg for den norske versjonen.

Idunn
Norsk fulltekstbase med tidsskriftartiklar innan fleire fagområde. 

IN SUM
Effekt av tiltak for barn og unges psykiske helse og velferd.

Kunnskapsbasertpraksis.no
Her kan du lære å finne, vurdere og bruke forskingsbasert kunnskap i praksis.

MEDLINE (medisin, sjukepleie, odontologi, helsestell, prekliniske fag)

MeSH på norsk og engelsk
I denne basen kan du søke på norsk og finne tilsvarande engelsk MeSH.

NORA - Norwegian Open Research Archives 
Nasjonal søketeneste for vitskapeleg informasjon i opne institusjonelle arkiv.

Norart
Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan alle fagområde, hovudsakeleg frå 1980-2020.

Omsorgsbiblioteket
Nasjonalt elektronisk bibliotek som samlar, oppsummerer og gjer tilgjengeleg forsking, utviklingsarbeid og annan kunnskap om helse- og omsorgstenestene i kommunane.

OTseeker
Systematiske oversikter og kvalitetsvurderte studier innan førebygging og behandling, særleg relevant for ergoterapi.

PEDro
Database over behandling og førebyggande tiltak innanfor fysioterapi. Inneheld referansar til systematiske oversikter, retningslinjer og kvalitetsvurderte randomiserte kontrollerte undersøkingar.

PTSDpubs
Referansedatabase som gir tilgang til litteratur frå heile verda om PTSD og andre psykisk helsekonsekvensar av traumer.

PubMed
Referansar til tidsskriftartiklar innan medisin, sjukepleie og andre helsefag.
Same innhald som Medline (Ovid), men med anna søkegrensesnitt. Søkerettleiing frå UiO, Medisinsk bibliotek

PubPscych
Europeisk referansedatabase for psykologi og psykiatri. Omfattar fleire språk og fleire dokumenttypar. Engelsk, tysk, fransk, spansk.

REHABDATA
Referansedatabase for rehabiliteringsforsking, produsert av National Rehabilitation Information Center. Inneheld referansar frå både bøker og tidsskrift knytt til ulike aspekt av rehabilitering.

SAGE Premier
Fullteksttilgang til omlag 650 faglege tidsskrift innan mange ulike fagområde, mellom anna utdanning, kriminologi, mediefag og sosiologi.

ScienceDirect
Fulltekstdatabase frå Elsevier med ca. 2300 vitskaplege tidsskrift innan mange fagområde, blant anna realfag, helsefag, humanistiske fag og samfunnsvitskap.

Surveybanken
Her kan du finne, analysere og laste ned data frå spørreundersøkingar. Inneheld 750 000 spørsmål frå meir enn 3000 spørreundersøkingar tilbake til 1957.

SveMed+ 
Nordisk database innanfor medisin og helse. Merk! Frå januar 2020 blir ikkje basen lenger oppdatert.

Taylor & Francis
Vi abonnerer på følgjande pakkar med elektroniske tidsskrift:
S&T collection (Science & Technical) 425 titlar og SSH collection (Social Science & Humanities) 1165 titlar.

Web of Science
Inneheld referansar til artiklar frå leiande tidsskrift innan vitskap, teknikk, samfunnsfag og humaniora. Gir informasjon om kvar og kor ofte ein artikkel er sitert.

Wiley Online Library
Fulltekstdatabase med vitskaplege artiklar innan mange fagområde.