Fjernstudent

Studentar som er knytte til Høgskulen i Volda gjennom fjernundervisning eller nettstudium, kan bruke biblioteket.

LÅNE BØKER

Når du har registrert deg som student og fått studentnummer, er du også registrert som lånar ved biblioteket.

For å kunne nytte deg av biblioteket sine tenester, må du registrere deg som fjernstudent
Som fjernstudent kan du bestille bøker i Oria og få dei sendt til ditt næraste bibliotek. Vi avtaler med deg på førehand kva bibliotek bøkene skal sendast til. Du bør kontakte det biblioteket du ønsker å nytte som «hentebibliotek», og avtale at dette er ok for dei.
Du får alltid melding frå oss når bøkene blir sendt herifrå, og må sjølv ta kontakt med biblioteket ditt for å hente dei.

Alternativt kan du be ditt næraste folkebibliotek bestille inn bøker for deg. 

Fyll ut skjemaet her for å bli registrert som fjernstudent.

Om du er innom biblioteket her på campus i Volda når du er på samling og ønskjer å låne med deg bøker, er det lurt å laste ned studentbevis-appen. Den fungerer også som lånekort og kan brukast i utlånsautomaten.

LÅN OG FORNYING

  • Vanleg lånetid er 21 dagar, inkludert sendetid.
  • Om det ikkje er venteliste, vert lånet automatisk fornya i inntil 120 dagar.
  • Ver merksam på at det ofte er venteliste på pensumlitteratur, og at fornying då ikkje vil vere mogeleg.
  • Hugs å returnere bøkene til anten oss eller ditt næraste bibliotek når du får melding om at lånetida er ute. 

FINN OG BESTILL 

Du kan søke etter bøker, artiklar og annan litteratur i bibliotekbasen Oria. Bøker (ikkje e-bøker) kan du bestille og få tilsendt. For å få tilgang til biblioteket sine elektroniske ressursar (t.d. e-bøker og tidsskriftartiklar), må du logge på med brukarnamnet og passordet du har til Feide/Canvas. Meir informasjon om korleis dette fungerer finn du her: Tilgang til bibliotekressursar utanfor campus.

FRAMGANGSMÅTE FOR Å BESTILLE BØKER:

  • Logg inn i Oria med brukarnamnet og passordet du har fått til Feide/Canvas. Innloggingsknappen finn du øvst til høgre.
  • Når du har funne den boka du vil ha, klikkar du på «Reserver/bestill».
  • Dersom du manglar knappen «Reserver/bestill», må du kontakte biblioteket slik at vi kan få lagt til funksjonen på brukarprofilen din.
  • Under hentestad vel du  «Levering utanfor campus - Mitt næraste bibliotek». 
  • Dersom boka er utlånt, vert du sett på venteliste. Du får boka tilsendt så snart ho er ledig.

INNLÅN FRÅ NORSKE FAGBIBLIOTEK

Dersom du ikkje finn det du treng i biblioteket vårt, kan du søke vidare i  «Norske fagbibliotek» i Oria. Vi kan skaffe både bøker og tidsskriftartiklar frå andre bibliotek. Denne tenesta er gratis. Merk deg at bøkene/artiklane blir sendt til høgskulebiblioteket i Volda for mottak først. Deretter sender vi dei vidare til ditt næraste bibliotek, slik at du kan hente dei der.

Tips: Du kan også bestille innlån gjennom folkebiblioteket på heimstaden din. Dette går raskare sidan bøkene/artiklane ikkje blir sendt til oss først, men i staden går direkte til folkebiblioteket ditt.

LITTERATURSØK

Om du klikkar deg inn på Søke og finne litteratur finn du oversikt over alle databasane og fagsidene du har tilgang til gjennom biblioteket. Lær deg litteratursøk gir mange gode råd og tips som er lurt å kjenne til når du leitar etter litteratur. Dersom du er masterstudent kan du i tillegg bestille time for søkehjelp, både fysisk og digitalt.

REFERANSE- OG OPPGÅVEHJELP

Om du er usikker på korleis du brukar referansar i oppgåva di, kan du få god hjelp i APA 7 eksempelsamling. Du kan også sende eit spørsmål på e-post til skranke@hivolda.no dersom du har referansar du ikkje greier å finne ut av på eiga hand. I tillegg tilbyr vi dialogbasert oppgåvehjelp etter avtale, både fysisk og digitalt.

PURRINGAR OG ERSTATNINGSKRAV

Du er ansvarleg for det du har lånt, og får erstatningskrav om låna ikkje vert returnert etter purring (varsel). Lånekortet vert sperra til du har levert låna eller betalt kravet.

  • Kr. 750,- for bøker, tidsskrifthefte, DVDar, Blu-ray, CDar og anna materiale som HVO-biblioteket eig. I tillegg kjem fakturagebyr på kr 50,-.
  • Bøker lånt inn frå andre bibliotek skal erstattast etter takstar fastsett av eigarbiblioteket.

Dersom du meiner noko er feil, bør du melde frå ved første purring (varsel).

Om ei bok kjem til rette etter at erstatningssummen er betalt, må ho likevel leverast tilbake. Lånaren vil ikkje få erstatningssummen refundert. Erstatningskrav medfører meirarbeid og auka utgifter for biblioteket.

HAR DU FLEIRE SPØRSMÅL?

Send gjerne ein e-post til fjernlaan-ut@hivolda.no.

Du kan også ringe til skranken på tlf. 70 07 50 60.