APA artiklar i tidsskrift og aviser

Artikkel med éin forfattar

I TEKSTEN:

Pedagogikkfaget i allmennlærarutdanninga har vore styrt av dei akademiske fagideala (Haug, 2008, s. 488).

I LITTERATURLISTA:

Døme 1 – trykt tidsskrift utan DOI:

Haug, P. (2008). Norsk lærarutdanning - kva har skjedd med pedagogikkfaget? Norsk pedagogisk tidsskrift, 92(6), 486–492.

Tittelen på tidsskriftet (ikkje artikkelen) i kursiv. Årgang (volum) i kursiv. Heftenummer i parentes, og ikkje i kursiv. Gi opp sidetal for heile artikkelen.

Døme 2 – elektronisk tidsskrift med DOI:

Bele, I. V. (2005). Artificially lengthened and constricted vocal tract in vocal training methods. Logopedics Phoniatrics Vocology, 30(1), 34-40. https://doi.org/10.1080/14015430510006677

Oppgi DOI slik: https://www.doi.org/

URL skal ikkje med når artikkelen har DOI

Døme 3 – elektronisk tidsskrift utan DOI:

Hegna, K. (2018). Endringer i samfunnspolitisk engasjement og deltakelse blant ungdom 2009-2016: Økte sosiale forskjeller og polarisering? Tidsskrift for ungdomsforskning. 18(1), 51-74. Henta frå https://journals.hioa.no/index.php/ungdomsforskning

Ta med URL når artikkelen manglar DOI.

Døme 4 – artikkel i abonnementsbasert database:

Roff, J. (2010). Welfare, child support, and strategic behavior: Do high orders and low disregards discourage child support awards? The Journal of Human Resources, 45(1), 59-86.

Referansen er funnen i JSTOR. APA tilrår at ein viser til «Primary publishing channel», som i dette tilfellet er tidsskriftet i trykt form.

I ENDNOTE:

Artikkel frå trykt tidsskrift skal leggast inn som «Journal article».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Journal, Volume, Issue, Pages.

Artikkel frå elektronisk tidsskrift skal leggast inn som «Electronic article».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Periodical title, Volume, Issue, Pages, DOI (når det finst) eller URL (når DOI manglar).

Artikkel med to forfattarar

I TEKSTEN:

I følgje undersøkingar besøkjer naboar på bygdene kvarandre oftare enn det dei gjer i byane (Haugen & Villa, 2005, s. 213).

Haugen og Villa (2005, s. 225) viser at ...

Siter begge namna kvar gong dei vert nemnde i teksten. Bruk «&» mellom namna inne i parentesen. I teksten brukar du «og» mellom namna.

I LITTERATURLISTA:

Haugen, M. S. & Villa, M. (2005). Naboskap i bygda. Sosiologisk tidsskrift,13(3), 213–231.

Bruk «&» mellom namna.

Om det gjeld ein elektronisk artikkel med DOI (evt. URL), finn du døme på korleis dette skal førast opp under «Tidsskriftartikkel med éin forfattar».

I ENDNOTE:

Artikkel frå trykt tidsskrift skal leggast inn som «Journal article».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Journal, Volume, Issue, Pages.
For å legge inn fleire forfattarar, trykkjer du enter/linjeskift mellom kvar forfattar.

Artikkel frå elektronisk tidsskrift skal leggast inn som «Electronic article».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Periodical title, Volume, Issue, Pages, DOI (når det finst) eller URL (når DOI manglar).

 

Artikkel med tre til fem forfattarar

I TEKSTEN:

At ein får medisinsk hjelp er heilt avgjerande ved psykisk sjukdom (Gavois, Paulsson & Fridlund, 2006, s. 93).

Alle etternamn skal med første gongen ein brukar referansen. Ved seinare tilvisingar gir ein berre opp første forfattar, etterfølgt av et al.:

(Gavois et al., 2006, s. 98).

«Et al.» tyder «og andre».

I LITTERATURLISTA:

Gavois, H., Paulsson, G. & Fridlund, B. (2006). Mental health professional support in families with a member suffering from severe mental illness: A grounded theory model. Scandinavian Journal of  Caring Sciences, 20(1), 93–101.

Om det gjeld ein elektronisk artikkel med DOI (evt. URL), finn du døme på korleis dette skal førast opp under «Tidsskriftartikkel med éin forfattar».

I ENDNOTE:

Artikkel frå trykt tidsskrift skal leggast inn som «Journal article».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Journal, Volume, Issue, Pages.
For å legge inn fleire forfattarar, trykkjer du enter/linjeskift mellom kvar forfattar.

Artikkel frå elektronisk tidsskrift skal leggast inn som «Electronic article».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Periodical title, Volume, Issue, Pages, DOI (når det finst) eller URL (når DOI manglar).

Artikkel med seks eller fleire forfattarar

I TEKSTEN:

SEKS ELLER SJU FORFATTARAR:

... (Hairston et al., 2011, s. 1373).

Du brukar første forfattarnamn et al. (= og andre) både ved første tilvising og seinare.

ÅTTE ELLER FLEIRE FORFATTARAR:

Det er påvist ulikskapar i depressive symptom mellom menn og kvinner (Smith et al., 2008, s. 280).

Du brukar første forfattarnamn et al. (= og andre) både ved første tilvising og seinare.

I LITTERATURLISTA:

SEKS ELLER SJU FORFATTARAR:

Hairston, I. S., Waxler, E., Seng, J. S., Fezzey, A. G., Rosenblum, K. L. & Muzik, M. (2011). The role of infant sleep in intergenerational transmission of trauma. Sleep, 34(10), 1373–1383.

I litteraturlista oppgir du alle forfattarane.

Om det gjeld ein elektronisk artikkel med DOI (evt. URL), finn du døme på korleis dette skal førast opp under «Tidsskriftartikkel med éin forfattar».

ÅTTE ELLER FLEIRE FORFATTARAR:

Smith, D. J., Kyle, S., Forty, L., Cooper, C., Walters, J.,  Russel, E., ... Craddock, N. (2008). Differences in depressive symptom profile between males and females. Journal of Affective Disorders108(3), 279–284.

I referanselista oppgir du dei seks første samt ... siste forfattar. 

Om det gjeld ein elektronisk artikkel med DOI (evt. URL), finn du døme på korleis dette skal førast opp under «Tidsskriftartikkel med éin forfattar».

I ENDNOTE:

Artikkel frå trykt tidsskrift skal leggast inn som «Journal article».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Journal, Volume, Issue, Pages.
For å legge inn fleire forfattarar, trykkjer du enter/linjeskift mellom kvar forfattar.

Artikkel frå elektronisk tidsskrift skal leggast inn som «Electronic article».
Fyll ut felta Author, Year, Title, Periodical title, Volume, Issue, Pages, DOI (når det finst) eller URL (når DOI manglar).

Artikkel frå avis

I TEKSTEN:

TRYKT AVIS:

Kampen mot livsstilssjukdommar må også sjåast i samanheng med den skeive fordelinga av mat i verda. (Norum, 2009, s. 4).

ONLINE AVIS:

Ein ny studie viser at depresjon aukar dødsrisikoen med 50 prosent (Therkelsen, 2009).

I LITTERATURLISTA:

TRYKT AVIS:

Norum, K. R. (2009, 9. juni). Ny politikk for mat. Aftenposten, s. 4.

ONLINE AVIS:

Therkelsen, H. (2009, 24. august). Like farlig som røyking. Aftenposten. Henta frå https://web.retriever-info.com/services/archive.html

Stolberg, S. G. (2009, August 27). Senate has changed in Kennedy's time. The New York Times. Henta frå http://www.nytimes.com

I ENDNOTE:

Legg inn som «Newspaper article».
Fyll ut felta Reporter, Year, Title, Newspaper, Pages (dersom trykt utgåve), Issue date, URL (dersom elektronisk utgåve/online avis).